søndag 5. oktober 2008

Pikyrandessmåprosjekt...

Då me vakna i dag vart me både glade og leie då me såg ut....snjoen låg lågt nede i fjella. Nokre minuttars gonge og me hadde kunne leika oss i han. No er det ikkje lenge att til vinteren kjem ned til oss med.

I helga har eg fått unna nokre småprosjekt som eg har tenkt på lenge. Fyrste prosjekt var å kvitte seg med litt av alt stålet. Då me laga kjøkkenet vårt vart det av meir eller mindre gode grunnar mykje stål. Etter å ha levd med det ei stund får eg heilt neller av det. Ikkje er det særleg fint og ikkje er det lett å halde.

Prosjekt brødboks:
Me hadde ein brødboks som eg tykte var omtrent verdas styggaste. Mannen tykte den var både fin og praktisk.

Eg har lenge gje og sikla på flotte brødboksar både på diverse nettbutikkar og på Farmors Hus. Einaste grunnen til ein av desse ikkje har kome i hus...er prisen. Ganske stiv pris når ein allereie har ein brødboks som er "både fin og praktisk".

Dyre råd var gode og eg kjøpte meg litt spraymaling. No klarar eg leve nokre år til med uvesenet:



Prosjekt dorullhaldar:
Same problem hadde eg på badet. Sidan me har hengjande toalett er det ikkje praktisk å skru opp ein dorullhaldar på veggen. Triste greier sidan det fins eit hav vakre slike. Skulle ungane klare seg sjølv måtte me ha noko som stod på golvet. Har ein gong sett ein litt finare type, men klarte ikkje oppdrive den nokon stad. Då vart det IKEA:



"Fin og praktisk" som helten ville sagt det. Eg fekk gåsehud kvar gong eg såg på den. I helga fekk den spraymala seg den og. Eg er faktisk veldig fornøgd:




Sy ein liten påse-prosjekt:
Det er lenge sidan eg har sydd noko vidare. Til trettitiårsdagen fekk eg meg ny symaskin. Den er "veldig" digital og me har skua på kvarandre no i snart eit år. No har eg teke mot til meg og sett meg ned og vist kven som er sjefen (kan de tru...haha)

I alle fall, etter mykje banning og ein del lått, her kjem resultatet:



På vaskerommet held eg på med eit større prosjekt. Det er ikkje ferdig...men her er ein ein liten peek...



Må berre nevne at det vart tid til ein liten tur i skogen også. Der snubla me over ikkje noko mindre ein dei svarte trompetane. Då var det umogeleg å turke av smilet på fleire timar.

God veke til dykk alle saman og husk, det er ikkje jul heilt enno :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.