tirsdag 6. januar 2009

Hjelp! me snjoar ned...

Eg tenkjer at eg skal fire litt på krava og droppe litt snjo og skog...Eg må ikkje gløyme at eg er med på Interiørbloggane og at det har vore langt mellom interiørinnlegga her i huset.



Eg treng litt tid, og litt betre lys for å blogge slike viktige ting. Men utfordringane ligg berre og ventar på meg, så stoff fins det nok alltids å ta av.
I år skal eg male golva i 2 etasje...100 m2....eller 100 km2 kjem det vel til å kjennes som. Eg har tohundre syprosjekt klar til avgang og eit par tusen uferdige...


Eit par svar til nokon som har spurd. Eg var eingong lærar av yrke (er vel strengt tatt det enno), men har arbeidd dei siste 8 åra innan marknadsføring. Eg fotograferer kun fordi eg er ein dårleg kunstmalar. Eg brukar bileta for å dele det vakre eg ser med flest mogeleg



Kameraet eg no har er eit Nikon D90 med ei Sigma 18-200mm OS linse. Eg er heilt forelska, men har brukt alle slags kamera før og det har også gje heilt fint :)

Vinterbiletet over er teken med eit gamalt kompaktkamera. Det fyrste Canon Powershot. Her er det naturen som imiterar kunsten, er det foto eller er det Kittesen? (Eg håpar alle har vit til å klikke på bileta, det er då ein får sjå dei skikkeleg)




Ellers så kan eg nemne at nesten 80% av bloggdamene som besøkjer meg, stryk aldri sengetøyet sitt...

7 kommentarer:

  1. Markedsføring ja..det er vel det jeg og styrer med..men kanskje på en annen måte....Ser du har mange planar..men ...kaffe må sjøl ei bissi dame ha..når har du tid?? Det er bare det som er frågan nu..må trene på svensk nå..reiser dit i morgen...

    SvarSlett
  2. Heisan, jeg fant deg i blogglisten til Duften av erteblomster. det betyr vanligvis at det er verdt et besøk :o)
    DET var det virkelig! Helt fantastisk flotte bilder her inne. Skikkelig proffe.

    Morsomt å se at du også har sansen for Ingrid Olavas versjon av "Her kommer vinter'n" av jokke og valentinerne :o)

    Jeg er med i norske interiørblogger, men bør kanskje revurdere det!

    Ser at du får et travelt år...lykke til meg det g ha en fin dag

    SvarSlett
  3. Kjempefine bilder igjen!
    Også har du så fine rose stoffer liggende, håper du blogger om produktene nå du er ferdig...

    SvarSlett
  4. Åh... det siste var utrulig godt å få rede på ! Litt rart... alt ser da så støkent ut på bildene ?!
    Eh.. skulle ikke jeg skrive noe om lakken nå a..? Ble så opptatt av innlegget ditt at jeg ikke husket hva du spurte om..De blandet den i butikken, ja...Ut fra en liten fargelapp som så aldeles perfekt ut.

    SvarSlett
  5. Kjem att en tur tel, je !
    Sånn er detå være løsemiddelskadet :-)
    Bare kom , du ! Og ha god tid for du må lære meg litt om de derre fotogreiene, ja ! Tusen takk for tipsene !!
    Nå var det itte mer, trur je...

    SvarSlett
  6. Godt nytt år Britt!
    No har eg kosa meg med alle dei vakre vinterbileta dine, måtte du aldri slutte å dele desse nydelege motiva med oss medbloggarar:) Eg trur nok også at interiørbloggarane er einige i det!

    Elles vil eg takke for engasjerande kommentar:)
    Sjølvsagt skal vi respektere andre sine val og prioriteringar sjølv om dei ikkje samsvarar med våre eigne:)Eg er einig i at nettopp det er av den viktigaste lærdomen vi formidlar vidare til ungane våre.
    Når det gjeld kvardagens stress, kjas og mas, så sikta eg til kvardagen gjennom heile året, ikkje spesielt dagane før jul. Stressar gjer vi vel alle frå tid til annan, men eg held fast ved at eg stussar over korleis mange prioriterar tida si. Dersom eg har uttrykt meg slik at eg synest at stressa folk generelt er "overflatiske kapitalistar med dårleg gangsyn" beklagar eg det. Eg likar absolutt ikkje å skjere alle under ein kam, og det har heller ikkje vore meininga her.(Eg likte forresten formuleringa di -og synest forsåvidt at skildringa di passar på einskilde, men det er ei anna sak;) )
    Kanskje kan eg verke som ein arrogant betrevitar innimellom:) Eg ser ikkje på meg slik sjølv, men eg likar å nytte meg av ytringsfridomen, og av og til kan eg nok provosere andre med tankane og meiningane mine.
    Takk for kritisk konstruktiv kommentar, det set eg stor pris på skal du vite:)
    *Nyttårsklem til deg frå meg*

    SvarSlett
  7. ..herlig nattinnlegg som jeg ikke fikk savrt på..min bittelille mann måtte ha skjønnhetssøvnene sin sjø!! Er i sverige...og skal snart til middag..men mått bare innom sjø!! Kram på dig ;)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.