onsdag 13. januar 2010

Man tager ett juletre...

I dag måtte eg gjer det. Hive ut juletreet. Er vorten stakkarsleg på etterskot. Medan alle andre helsar våren, driv eg å klamheld meg til jula. Ungane er heilt enige med meg. Minstajento meinte me måtte ha juletreet til ho hadde gebursdag slik at ho kunne leggje gåvene sine under slik som broren gjorde 2. januar. Ho har gebursdag i juli. Då skjønte eg at me allereie var ute og kjøre.... :)




Men å hive det heilt utan vederlag, det fekk eg meg ikkje te. So då vart det Granskotsirup anno juletre 2009. Og det er no ikkje heilt vanleg gran heller...her snakkar me om Fjelledelgran....meir eksklusivt får ein da vel ikkje....1 dl fjelledelgranjuletresirup anno jula 2009.. Trur kanskje eg må selje den på Finn.no...

2 kommentarer:

  1. he,he!
    Da e mykje eg har lyst på..men ikkje juletre enno! Litt for tidlegt på året! Så du e att i jula du...! Ja,ja! Eg er heilt skrudd- våren er mi tid, no når har me bikka det nye året kan eg glede meg og lengte! DET er det beste!
    juletre i jul(i) den e fin!

    SvarSlett
  2. Jeg kunne kastet ut juletreet i romjula, men for syns skyld må man nesten ha det til over nyttår. Og når man har et tre på over 3 m, så må jeg vente på at gubben kan komme hjem og hjelpe meg. Heldigvis er all julepynt bortevekk, og jeg sitter her og venter på våren.

    Ha ei super helg.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.