mandag 15. august 2011

Torne(fri)rose

Mitt bidrag til Moseplassens roseutfordring i år er denne frøkna. Hurdalsrosa.

 
 

Denne dama har det meste eg har leita etter i ei rose. Den er vakker, den er hardfør, den vert stoooor og den er over alt velvilleg. Hjå meg skal den verte hekk mot nabotomta. Sjølv om den måtte starte på nytt frå rot i år grunna vinterskader frå mus og andre gnagarar er den no allereie over meteren høg. Om alt går vel i år vert hekken eit syn til neste sommar. Rosa har ikkje torner, noko den kanskje hadde yngst seg i konfrontasjonar med hjort som vil komma i løpet av vinteren. For oss folk er tornfrie roser berre kjekt. Mangelen på duft er kanskje einaste minuset med henne. Men med H7 på lappen sin er ho ein draum for oss i Hakkadalen.

3 kommentarer:

  1. Herlige bilder av en nydelig rose:o)
    Ønsker deg en flott start på den nye uken :o)

    SvarSlett
  2. Du har mange flotte roser, du! Men egenskapene til denne gjør den godt egnet for vestalndet, ja.
    Nydelige bilder nedover på bloggen.

    KLEM!

    SvarSlett
  3. oh so fresh i can almost smell them! x sandra

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.