torsdag 19. april 2012

Starekassen

Her i helga skulle me setja opp ein slik flatpakka starekasse som ein av ungane hadde vunne på ein basar.

  

Den var lett å setje saman, faktisk var det gjort på ein blunk.

 

So til da springande punktet. Eg ville male den lyse blå, ja de veit for å gjere staren glad når han såg sitt hus i det fjerne. men ungane prostesterte høglytt. Læraren deira hadde sagt at ein ikkje burde male fuglekassane sidan det kunne vere lettare for råvfugla å finna dei.



Du skal alltid høyra på læraren sa eg sjølvsagt og ba dei male den blå.... So får me håpa at rovfuglane i Hakkadalen er både svak og - nærsynte...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.