mandag 1. oktober 2012

Paradiseplegelè

Ja, vert no ikkje ferdig med Paradiseplene heilt med det fyrste. Eg fekk dei i fyrste omgong hjå ein flott bonde her i dalen. Ikkje ka so helst bonde heller, berre les HER.

 

Da skulle verta sirup av beste slag, men noko skar seg og det enda opp som ein velsmakande gelè i staden. Koka saft og tilsette sukker. Men sirupen utblei, rett i gelè stadiet bar det. Kanskje for rik på pektin desse eplene? Nokon med erfaring på området som kan hjelpa meg?

 

Uansett, no er snart lageret fullt av alskens etandes produkt. So no kan vel eigentleg jula kome?

Forstod på kommentaren til ei herleg bloggdame her i forgårs at nokre av dykk er litt skeptiske til desse eksperimentelle matinnslaga mine. Og ja eg skjønnar at eg bevegar meg litt i skuggesona av vanleg husmannskost. Men trøyst dykk med det at de har enno ikkje sette det mest alternative og da è meir dar dette kom i frå :)

God mandag!

(Dette innlegget er reblogga frå okt. 2011)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.