torsdag 11. oktober 2012

Tunellen manglar lys



Det er ikkje måte på depressiv melding som møter oss kvar gong me vågar oss ut i den store verda. Statens vegvesen minnar oss på at det faktisk ikkje er noko lys i tunellen, ikkje eingong i enden....dei skriv det rett ut på dei gule 50-skilta sine. Tunellen manglar lys. Skilta dei har fått til ein mykje billegare penge enn det det vil koste å fikse tunellysa.


Eg trur det er den nye vegpolitikken her på Vestlandet. Me treng ikkje fikse problema så lenge me kan skilte at det er eit problem. Og slik vert det at i tillegg til dårleg ver og sollause vintrar, vert me støtt og stadig minna på... at tunellen manglar lys... bokstavleg talt og sikkert ellers og...


Men nok om da. Me kom no oss te Bergen og fekk oppleva ein flott dag. På dannelsesreise med ungane te Byd'n.


Me for på fløyen og me va på kunstutstilling. Me knisa litt tå bergensarane som hadde kledd på seg da flottaste og dyraste dei fann av "turar i skog og mark klede" (og rynka på nasa av oss "byfolk" som ikkje hadde fjellskoa på i dag) berre for å spasere på ein 2 meter brei, supergrusa veg.. Hjå oss e da nesten ein fylkesveg....


Høgdepunktet var nok Ai Weiweis installasjon i tårnssalen på Bergen Lysverker. Reknar no med at alle bergensarar har gått mann av huset for å sjå slik verdenskunst. Astrupustillinga hadde skjønt at QR-koder til bilda i utstillinga fekk gamal kunst te å verta brennheitt interessant for ein 11 åring med barcodescannar på mobilen. Tommel opp for den.

So no er me mykje klokare og mykje rikare på både eitt og hitt og kanskje vegvesenet tek feil når dei hevdar at tunnellen manglar lys likavel.....

3 kommentarer:

  1. Så herlig at det ikke er mer enn litt teknologi som skal til for å fenge den yngre garde, kanskje flere som skal lære litt av Astruputstillinga;)

    Fin kveld
    og god fredag.
    Hanne:)

    SvarSlett
  2. Høres ut som en spennende dag.
    Ønsker deg og dine en flott helg, klem

    SvarSlett
  3. Spennande då for alle mann :-)
    Godt du ikkje ser mørkt på livet!

    Varm SOL helg ynskjer eg deg B-)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.