mandag 28. mars 2016

Dar mammo tok seg vatn øve håve..



i påskerebusen datra laga til opphavet sitt på påsekafta
var ein stad i huset kalla "dar mammo tok seg vatn øve håve.."
og ja da va ingen so va i tvil om kvar det var

vanlegvis kan eg gå og spekulera på saker og ting eg skal gjera
i åravis før eg gjer da
da har mest med tid og penga å gjera
og kanskje pittelitt med kva eg orka...
i påska hadde eg mange plana
og ingen hadde nåke med badet å gjera


 so va eg no på bade tidleg ein dag i påska
og irriterte meg grenselaust øve nåke maling so flassa
og var vorten misfarga

eg tenkte at eit nytt lag med maling ville berre gjere vondt verre
og ny servant stod ikkje på planen før neste år
eg pussa da ned! - tenkte eg
ferdig te nons
eller når sola går ned


ja kort fortalt er det enno ikkje ferdig
mesteparten måtte pussast for hånd sidan eg ikkje kom til med maskineri
me snakkar ein liten centimeter ned
og då eg kom ned dit
kom finèren fram
praktmøbelet fra urskogen importert via Frankrike
var vanleg skit eg kunne kjøpt kor so helst til ein brøkdel av prisen
no forårsaka tosidig senebetennelse i skuldrene mine..
- ja eg gjekk på meir enn ein smell i påska

Badet er i tenkeboksen enno, sånn halvferdig..
men eg fekk malt ein vegg på soverommet vårt
den er eg veldig nøgd med
og snart kjem tapeten i posten
håpa da ikkje vert endå ein stad
- dar mammo tok seg vatn øve håve...

3 kommentarer:

  1. Oss har vel alle våre "svin på skogen" ...
    Planar har vi vel alle, men å gjere det..

    Men eg syns du er flink eg!

    klem

    SvarSlett
  2. Godt å høyre !
    Men fint blir det, det ser eg.

    Ha ein fin tysdag.

    SvarSlett
  3. Herleg! Dette er meg i kjent stil. Vel og merke når eg først kjem i gong med noko. Eg er aller best på å halde ting på tegnebrettet og så er det til slutt mannen som må ta initiativ til at noko skal skje ;)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.