onsdag 22. oktober 2008

So har me fuska litt...

Sidan nokre lurte på korleis me gjennomførte denne forsylvingsprosessen tek eg no eit kort samandrag med dei bileta eg har tilgjengeleg.

Fyrst kjøper/finn du rammer du vil bruke. Malar dei mørk brun eller svart. Dette fordi sylvet ikkje vil dekke alt (skal heller ikkje) og det er ikkje pent når det skin gjennom grønt eller gull...(som eg skal vise seinare nede i innlegget.)

Så logga eg meg på Panduro og kjøpte dette: Metallblad - Sølv, lim, og en beskyttelseslakk, ei slags forsegling. Den har de ikkje lengre på Panduro. Alt dette får de som bur meir sentralt i vanlege hobbyforretningar.



Penslar må ein og ha. Ein til limen og ein til å leggje metallbladet på ramma med.


So er det berre å setje i gong. Fyrst penslar ein ramma med limen. Let den turke i ca 10 min slik at den vert seig og god. Tek passande stykke sølvblad og legg dei varsamt ned på ramma. Penslar dei utover. Når ein er ferdig vil det sjå omtrent slik ut:

La alt turke eit bel. Ta so penselen eller ein mjuk kost og kost av alt sølvet som ikkje heng fast i limen. Dette sylvet tek du vare på og brukar ein anna gong.

Når ramma er kosta, lakkar eg den med forseglingslakk og let den turke før eg set bileter inni. 


Om de ser på bilde nr. 2. ser de at ramma til venstre har vore gullfarga. Eg gløymde (?) å male den og når sølvet trekkjer seg bort, viser gullfargen...ikkje pent.

Fordelen med ein slik framgongsmåte er at ein får alle rammer i same tone/farge/utrykk, nokre malar dei kvite, det fungerer også, men dette er klart mest tidkrevande og då sjølvsagt ei større bragd...hehe.

2 kommentarer:

  1. He..he..ja bra den med svingdører ja...og jeg som ikke kan manøvrere med kart og kompass en gang..sliter i svingdører....

    Men rammer kan du på alvor...ny heading stadig vekk...ustabil person,,eller bare kreativ he..he..!! nei fleip tror jeg du tåler..syns jo jeg kjenner deg vet du! Ta deg en bytur, så kan vi ta en svingdørterapitur til Flesland!!

    SvarSlett
  2. Takk for den herlege kommentaren på det siste innlegget mitt! Du fekk meg til å drage på smilebandet med skildringa di av det råtne eplet som dundra ned i hagen min:) Samanlikninga med eit råte eple passa forøvrig godt!
    Du har forresten alltid så gode kommentarar; eg legg dei på innsida og lagrar dei der:)

    Skal seie at du har tolmod med desse rammene! Eg trudde først at du lakka dei med sølvlakk, før eg så i dette innlegget kor tidkrevjande dette faktisk må vere! Men så vart no resultatet veldig flott også då -flinke du!!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.