torsdag 2. oktober 2008

Ufyselig vedgåing


Eg slo aldri ei vindaugsrute sund
og lukta aldri på lik i grunn.

Eg gomla aldri froskelår
og åt aldri i fengselets luftegård.

Eg vakna aldri under grøne kroner
og elska aldri til havets toner.

Eg helste aldri på ein neger
og gav aldri nokon gift av beger.

Eg var aldri i mai blant dei elskhugsjuke
og fødde aldri born som var blonde og mjuke.

Eg var aldri ustyrleg lystig og glad
og las aldri albanske bøker og blad.

Eg hadde aldri absint i glaset
og hadde aldri hug til traktormaset.

Eg prøvde meg aldri på LSD
og fekk aldri ein einaste orden for det.

Eg dansa aldri polonaise i flokk
og planta aldri ein palmestokk.

Eg sikta aldri med børsa mot katten
og sat aldri på høgste knatten.

Eg granska aldri mitt indre liv
og tek det knappast med eigen kniv.

PS
(Eg døyr nok på eige vis
og teksta mi her kan stuttast og vris)

Anemone Lanzina - Dagboknotatar



De må unnskylde min hang til å leggje ut dikt av denne forfattaren. Heime puslar eg med saum og symaskin, malar litt og flyttar rundt på møblar. Lite bloggvennleg og i tillegg har min trufaste ven, kameraet mitt, teke kvelden etter 5 trufaste år. Og når eg set meg nedpå, les eg poesi.

Denne forfattaren Anemone Latziana "vart fødd i Brasov i Transilvania i 1942. Ho høyrde til den vesle tysktalande minioriteten i Romania, ein del av folket som Ceausescu-tida kom til å gå hardt utover. I levetida fekk ho berre gitt ut to diktsamlingar. Anemone Latzina døydde i Bucuresti i 1993."

1 kommentar:

  1. Takk for helsing!! må visst sta og låne dikt på biblioteket...mykje vent å henta skjønner eg...

    Smil herfrå

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.