torsdag 27. november 2008

Plutseleg...

var det advendt. Sidan denne helga er full av andre aktivitetar vert eg ikkje klar før neste veke. Det går vel fint. Advendskalendarane heng i gangen. Pakkene manglar, men kjem sterk attende seinare :) Gler meg til å lage alt til.....plutseleg.





Eg kan nesten ikkje få sagt kor eg gler meg til å surfe i bloggane dykkar og sjå alt det vakre de har fått til!


God helg!

tirsdag 25. november 2008

Vakre tonar

Rakk nett eit par bileter før dagslyset for og regnet sette inn...her ei hortensia med sukker på :)



mandag 24. november 2008

Hermelusa ligg i hardtrening...

Som ei klok kone :) nemde i ein kommentar til eit tidlegare innlegg eg hadde om sying, so skal øving gje meister. No har eg då sydd, og sydd..og sydd... 5 putar, ørten posar, julestømper og ein totalt mislukka julegris. Meisterbrevet ser eg langt etter, men nokre saker er eg nøgd med. I tru Modern Country stil (ja, eg har herma :) har eg sydd nokre små posar i teljelin. Tånken er at ei veninne av meg som lagar smykker, kan ha desse som alternative gåveposar.


lørdag 22. november 2008

Høg puls

..eller varm puls. Fekk ei enkel oppskrift på verdast mjukaste pulsvarmarar i ein stoff/garnbutikk eg var innom i veka. Garnet heiter Bris og det vert dei deilegaste pulsvarmarane til mor og dotter..





No er eg ikkje norgsmester i strikking, men de anar konturane av kva dei kan vere :)

torsdag 20. november 2008

Stemningar...

....



onsdag 19. november 2008

Julepynt Praha mai 2008

Kvart år me damena på jobb reiser på dametur, må eg kjøpa ein eller anna julepynt som eg kan henge på juletreet. Så langt har det gått bra. I dag vil eg presentera dykk for ein engel som eg fann i ein blomsterbutikk i Praha, mai i år.



Det er ikkje lett å finne julepynt om våren. Men langt inni ein blomsterbutikk hang denne engelen. Eller kanskje det er ein blomsterfe? Handelen gjekk litt trått i og med at innehavaren, ei dame i sekstiåra, kun song på tjekkisk. Ja, dama song seg gjennom heile handelen. Ei bisarr oppleving kan ein trygt sei, men pynten vart med heimatt til juletreet. Debuterer der i år.

Har lenge grubla på om eg skulle utfordra alle her i bloggverda til å visa fram den finaste julepynten dei har i kassane sine. Kanskje ha ein liten useriøs konkurranse om den venaste julekula ol. Kva tykkjer de om noko slikt?

lørdag 15. november 2008

Sommarminner....

For å ryste julestemningen i bloggverda langt inn i sjela tenkte eg at eg skulle leggje ut nokre sommarbilete ein mørk novemberdag, ..not :) ...men eg bladde gjennom nokre mapper på disken i dag...og fann so fine minner...





torsdag 13. november 2008

Eit kunsthandverk...

Innlegget i dag er eit lite hjartesukk. Eg må fyrst få sei at eg er veldig takknemleg for alt eg har, har fått, har opplevd osb. Eg er på inga måte eit utakknemleg menneskje. Det er berre to ting eg tykkjer er litt bale at eg aldri fekk smaka i detta jordalivet.

Da eina skulle vera at kvar gong eg opna munnen for å syngja ein tone eller to...so vart alle rundt bergtekne, fredsæle og lukkelege.....(faktisk hadde det vore greitt om dei berre hadde syns da va fint) Tenk å kunne opna munnen og ut kom dei vakraste tonar ein kunne tenkje seg. Da hadde vore noko da.


Da andra ê, at eg kunne sy...


No må de ikkje misforstå, eg kan SY. Dvs. eg klarar enkel elementær saum, men eg kan ikkje brilliera, ei heller imponera. Da vanlegaste er at alt eg syr må eg ha sjølv grunna små og store feil som ikkje egnar seg i offentlegheita. Det er ikkje det, det at eg ikkje kan sy ein saum, det er det at eg vil verte verkeleg god. Eg har til og med gje på skule for å lera å sy. Da hjelpte ikkje.

Eg har av og til lurt på om det kan vera arva. Då eg vaks opp, hende det at mor mi sydde. Då var det ofte gråt og sinne. Ein gong hugsar eg at ho sydde fingeren fast. Symaskinsnåla rett gjennom pekefingeren. Då vart det leven...ingen gode syminner frå oppveksten altso...



Å sy vakre ting, er eit kunsthåndverk. Eg veit knapt noko vakrare. Kanskje nettopp fordi det er ein kunst......for meg :)

tirsdag 11. november 2008

Eit lite glimt av jula som fall i fjor...

...

mandag 10. november 2008

Rik på gamalt skrot...

I går var heimom ho mor og han far. Eg var på jakt etter ein kommode. Eg har innsett at det forholdet mange interiørbloggarar har til putar, har eg til kommodar. Får aldri nok. I alle fall, eg var på jakt etter ein kommode, og mor mi tilbaud meg å overta far min sin eigen kommode. Frå før har eg onkelen min sin, og når eg seier det slik meinar eg at brørne har laga kommodane sjølv på skulen ein gong tidleg på 50-talet.

På rundturen rundt på lemmen fekk eg også med meg ei krukke, eit gamalt bilete, ein skikkeleg velbrukt kakeboks og sist men ikkje minst, ei gamal "handarbeid/sløyd" malbok, mest sansynleg laga for lærarar i folkeskulen.



Kakeboksen er haugande gamal og i fylgje mor mi noko skrot ho ikkje hadde vyrd lengje med å hive, eg redda den bokstavleg talt frå dunken. "Sjarmerande" tykkjer eg sidan den har vore i familien lengje og det berre er "kjentfolk" som har håndtert den. Hadde den kome annanstads frå hadde eg nok lagt den i klor i eit par år. No er reknar eg det som familiere basillar som me gjennom mange års eksponering for er vortne imune imot.....hjelpalaust :)



So til eit allereie omstridt objekt. Eit gamalt portrett av enten ho Maria i Neset, som var ein fredsel tantunge av mi oldermor, Inga, godhjarta, tålmodig, men glad i pek og fantaskap. Eller er det ho Maria på Vetlatre, eller ho Vetlatre Maja, ei forferdeleg sint dama. Dei seie mannen rømde i ura når det stod på som verst, men var ikkje reddare enn at han avslørte gjøymestaden ved å røykje pipe bak steinen. Ho var då systra til same oldemor. Dei reknar med at det er mest sansynleg fyrstnemde (litt greitt med tånke på om ho tenkte seg å gå att og slikt...:)

No har det seg slik at mannen i huset tykkjer biletet er heilt forferdeleg, litt stakkars er det jau fordi ho kanskje ikkje kan reknast som ei retteleg pinup dama. Naturen var kanskje ikkje heilt på hennar sida, men eg meinar at ho er no trass alt slekt. Me kan no ikkje berre velgja vekk dei so ikkje er rett so "fotogene". Tenk på alle dei som dreg liknande bilete heim, av folk dei aldeles ikkje veit kven er? ....Han går ikkje på den..Jaja, får hengje det ein eller annan diskre plass...vaskerommet?



Kommoden er so sjarmerande i seg sjølv, der den er måla i Gul og Rosa
Eg hadde tenkt å male den....er litt i tvil, får tenkje på det ei veke.

Boka er heilt fantastisk. Den er fyld med hundrevis av teikningar, ornament, monogram, alt ein treng som malar til broderi, treskjæring, rosemaling, skinnarbeid, trearbeid...Den inneheld også mange oppskrifter, tenkte eg skulle dele eit par med dykk sidan det snart er jul....


søndag 9. november 2008

Om Tilda-ambivalens...

Ein dag eg var ute og keik i bloggverda, på flott og inspirerande handarbeid, kom eg over ei dame som hadde sydd ein Tilda-nisse. No er eg ikkje spesielt opptatt av Tildafigurar og har kanskje til og med tenkt at slikt skal aldri kome over min dørstokk.

Men no var det no slik at den Tilda-karen hennar appelerte til noko djupt inni sjela mi, og før eg visste ordet av det hadde eg logga meg på Panduro og bestilt meg eit eksemplar (sjølvsagt i tillegg til anna eg heller ikkje hadde særleg bruk for, på eit relativt sprengt førjuls-budsjett)

Eg gleda meg til og med til pakka skulle kome i posten. Då ho kom flekka eg opp pakka, noterte meg lettleg at ting og tang mangla på ordresetelen, men kasta meg sprenstreks over Tildakaren og begynte og sy. Det gjekk trått og plutseleg gjekk det opp for meg at eg eigentleg ikkje var så begeistra for desse kreasjonane, og endå mindre når det gjekk opp for meg alt ein måtte gjennom for å produsere ein. Spørsmålet då var, kva var det som hende med meg den dagen eg vart heilt forgapt i ein slik????



Doing! Det slo meg. Den hadde appelert til morskjensa mi. Det er noko med desse figurane, så feilproposjonert at berre ei mor kan elske. Smalskuldra og breihofta. Nesten utenkeleg at dei skal klare seg i livet. Og plutseleg hadde eg og falle i fella. Eg skjønte dette fyrst då eg hadde sydd armane på mitt eksemplar, mot alle innstruksar hadde eg korrigert naturen og gjeve denne karen eit litt større forsprang i livet...og så var han ikkje fullt så "skjønn" lenge og interessa mi dabba av....

So no set han der med "korrekte mål" og med blodraude bein og ventar på klede for vinteren, kanskje han ventar forgjeves...

fredag 7. november 2008

Konkurransebidrag - Herr Jul

Etter dagar og net utan internet er det i dag i sanning ein gledens dag. Me er på nett att. For ei som har vore på nett sidan 1995, så er kvart minutt utan eit slit. Eg kan leve lenge utan TV, men utan internett vert eg litt rådlaus og ikkje minst, isolert.

Me veit at opplegget som konnektar oss med verda er ustabilt og kan tippa oss ut i stilla i fleire månadar...so no svinga eg meg i cyberspace alt eg klarar.

Fyrst vil eg presentere mitt bidrag til fotokonkurransen til Moseplassen. Frøken Fugl 2008, kven har hagens vakraste vinterblomst.

Fyrst tenkte eg at denne konkurransen var litt "far- fetched" for meg, for å trø te med litt engelsk, heilt til eg kom på ein sjeldan kar som i år kom ein månad for tidleg. Sikkert grunna frostperioden me har bak oss.



Det fyrste ein legg merke til ved denne karen er den store flotte og buskete, kvite stjerten. Når eg etter timasvis med nervøs venting ser den tippe rundt i hagesypressen, då veit eg at no er det snart jul.



Herr Jul er svært glad i gran og furu, har enno ikkje sett han sitje i ei bjørk eller raun. Nokre av dykk har kanskje opplevd som meg at den vart med inn frå skogen då juletreet kom inn, og at me fekk nyta den flotte fuglen i julehelga der den lukkeleg tippa rundt i julegrana. Det er ein broket familie og består av fuglar i alle verdas fargar og fasongar. Felles for denne arten er den blanke og skinnande fuglekroppen og den buskete stjerten. Eldre eksemplar er ofte dårlegare utrusta på stjertområdet.

Så her er min kandidat, Herr Jul:

mandag 3. november 2008

...mm........

..har surfa rundt på bloggar dei siste dagane, litt i stum beundring for alt de får til. Masser med nydeleg handarbeid, håndtverk og nyoppussa hus og heimar. Mykje kreativt arbeid foregår der ute. I små sekunder vert eg overvelda og kjenner meg utilstrekkeleg, som ein Peeping Tom herute. Ei som ser men ikkje gjer.

Det ante meg faktisk ikkje, kor mange og kor flinke folk er i vårt vidstrakte land. So no sit eg her framleis i realtiv stum beundring....og tenkjer at no, no skal eg og ta meg på tak...det er jo snart jul....

søndag 2. november 2008

Smalahåvefest på Stoff og Stil...

Nei sjølvsagt ikkje. Dette var ei kort oppsummering av siste dagars event. Fredag var det duka for årets smalahåvefest. Det er ei årleg tilstelling som mor mi og systrene hennar står for. Heile den sida av familien er invitert og store mengder kjem. Der kjem stort og smått og det er ein framifrå sjangse til å følgje med resten av slekta. Ein vert kjend litt på nytt kvart år og klarar å fylgje med på nye partnarar og born som poppar ut over alt ;)


Til dei som vemmes litt av ordet "smalahåve" kan eg fortelje at det er mange år sidan me gjekk bort frå tradisjonell servering med havle håve på tallerken til ferdig renska kjøt på store fat med kålrabistappe, kokte pote og korv til. Det ser godt ut, det smakar godt og det er veldig kjekt. Angsten slår inn fyrst når det går opp for ein stakkar kven som må trå til om nokre år, om tradisjonen skal leva vidare.....

Desverre ingen skarpe bileter frå den festen. For mykje folk, for mykje slekt :) de får nøye dykk med det litt uklåre intrykket av kokkene våre.

Laurdagen skulle me på besøk til svigers og då fekk eg lokka heile familien med på Stoff og Stil i Åsane. Gudbetre, det var som å kome i himmelen. Etter 20 år med quiltebutikkar, var det befriande å finne så mykje stoff samla på ein plass. For ei stoffavhengig dama som meg var det sjelebot å setje foten inn ein slik stad.

Slik såg ikkje resten av familien på det, ungana kjeeeeeeeeeeeeeeda seg frå sekundet dei var innom døra og mannen hang på vogna og mumla ironisk noko om at det mest spanande han kunne finna her inne var ein sakseslipar. Jaja, dei hadde no tv-krok så eg lasta av døvekta og seig rundt i lokala med vogna mi. Utruleg....fantastisk.....

Kjøpe ikkje mykje, skal reise aleiene neste gong :) men noko fint tok eg med heim. Ja, med ikkje så mykje meinar eg bla. 20 meter gardinstoff som ikkje heilt passa...(den kjem eg nok tilbake til her snart)

Ein annan stad fall eg for ein pute dei nok har importert frå ein nedlagt bordell ( i fylgje min mann :=)..måtte berre ha den..som dei seier. Ingenting i resten av huset passar heilt i lag med den, og kanskje nettopp derfor passa den heilt perfekt inn.