lørdag 31. januar 2009

Eit lite issafari...




torsdag 29. januar 2009

Litt om datt...

Kjem du nær nok, kan heilskapen og oversynet heilt forsvinne....



Ofte er heilskapen ikkje mykje å trakte etter...



Med eit unntak eit par minuttar ein laurdag føremiddag
....i fjor...



Og då skulle de berre visst kor det såg ut på gjesterommet...



(Her drøymde eg om to små Hemnes slagbenkar frå IKEA, men dei selde dei berre i Stavanger, ingen som driv og kjører litt att og fram, mellom Bergen og Stavanger? Finn dei ikkje på nettsidene til Ikea lengre heller..kanskje dei er ute av produksjon?)

onsdag 28. januar 2009

Trim for eldre..

Heilt plutseleg hadde det skjedd. Utan varsel, tidleg i dag morges, kunne eg ikke leggje armane fint og mjukt ned langs sidene lenger. Akkurat som når nokon set ein fot i døra når ein freista lata den att, slik var det. Noko stod i vegen. Eller rettare sagt, hang…



3 år som ikkjerøykjar set sine spor. I dag var spora kome heilt opp under armane. Ribbefettet og tantearmane var på kollisjonskurs, med det resultat at eg var dømd til å vandre rundt med to armar stikkande rett ut. Ikke kan eg gå i butikkar lengre, tenkte eg, i allefall ikke Farmors hus på Isdalstø så tett so pynten står der. Inn og ut av rom må skje sidelengs. Militære kan eg no berre gløyma (og takk og lov for det ) og ikke er det lett å få plass i noko armkrok lengre heller…



Nei, slik vil eg sjølvsagt ikke ha det. Så eg stod og vurderte alternativa. Eg har minst 15 dvd-ar frå iForm. Mykje god trim der.(Eg har abonnert på iForm i uendelege tider, likavel er eg det ein kan kalle god og rund…og der i dag stod eg og lurte eg på om eg såg akkurat ut som ein gjennomsnittleg abonnement av..ja, iForm? )

Tilbake til DVD-ane. Problemet er at underteika har lagt ned veto mot TV i stova, slik at TV og DVD er forvist til loftstova med tilhøyrande skråtak som startar på nokon og 80 cm. Med eit ”vingespenn” på nærare 180 cm kan de tenkje dykk til skrik og bannskap kvar gong eg har prøvd meg på strekk og bøy der.



Einaste alternativet var ut. No har det seg slik at eg rekk akkurat ein kjapp tur før mørket sig på etter arbeid. I dag var det ingen nåde, på med regnjakke og fjellsko før eg visste heilt kva eg held på med.



Eg held høg fart, me bur i skogen og skogsvegen var i dag full av spor. Hjort, rev…og såg eg bjørn?? Eg sprang. Det kryr av gamle utløe og skumle plassar for ei engsteleg sjel på tur i skumringen. Godt halveis, dvs. etter ca 10 minuttar slo ei gamal fødselsskade inn.( Ja, ikke min eigen.. ) Da gjekk seigare etter det. Halt og sliten drog eg meg då til slutt øve målstreken etter ca 30 min. Eg både såg ut og kjende det som om eg hadde gjennomført ein maraton. Heldigvis skal akkurat det vere bra å ha på CV-en sin har eg høyrt…



Så då er det gjort, eg har gjort noko med det. Eg har utfordra sideflesket til kamp. No skal eg berre brodera litt og håpar da gjer undeverker på tantearmane…

tirsdag 27. januar 2009

Broderi og andre kvinne(fiendtlege?)sysler...

Då eg var lita, eller mindre enn eg er no. Før i tida, ja da e faktisk ikkje so lenge sia, sjølv om nokre yngre kanskje meiner so. Då, eingong tidleg på åttitalet kjempa eg ein, til tider fåfengt, kamp for likestilling. I alle fall likestilling i syskenflokken. Ja, det var eg som kjempa og to brør som stod på Staus Quo.



Dette skulle eigentleg vere eit koseleg innlegg om brodering og ein fantastisk vakker blogg som heiter; Au vieux trusseau . Denne dama kasta ei lita utfordring som eg plukka opp. Eg har ikkje tenkt å delta i noko konkurranse, men tenkte eg ville prøve å brodere. Og som de ser går det ikkje akkurat radig unna.

Uansett, eg ville vise dykk dette og reklamere for den flotte bloggen, men då eg skulle ta bileta vart det så puslete med det vetla eg hadde fått brodert. Eg måtte ha noko til. Ei broderisåks hadde vore noko!


(detta bilde er hensynslaust stole på internett frå ein eller anna nettbutikk uti verda)

..og plutseleg tok eg meg i å ynskja meg ei broderiaks av det gamle slaget. Og det var då likestillingskampen frå barndommen seig framatt i pannelappen... Eg ynskje meg ei broderisåks??

Eg har ei broderisaks! Ei kjønnsnøytral, funksjonell broderisaks frå Panduro. Ikkje nok med at eg har begynt å brodere, eg må ha ei romantisk, ultrafeminin broderisaks og?



No vil da nok vera heilt greitt fø dei fleste dame å brodera elle driva med andre huslege (det er vel kanskje ikkje politisk korrekt å kalla handverk husleg?) sysler. Men for meg som skulle kjøra traktor, hiva i silo, pløya åkra og spreia møk. Alt fø kvinnekampen og retten til likestilling! Eg har no vorten ei som sit og ynskjer seg ei broderisaks...og ikkje nok med da eg har sidan kampen i ungdommen lært meg å hekla, strikka, hakka, gimpa, pjona, fingra og slingra, i tillegg til veving av ulikt slag og ein del saum. Og no vil eg brodera. Men kan eg kjøra bil? Kan eg fylla olja?

Eg gjekk gjekk på nettet for å få hjelp med stillingsforvirringa mi. Då fann eg dette diktet av Zinken Hopp, 1930

BRODERI

Jeg likte dig ikke sist da du var her
Det var slik en hyggelig kveld,
det lå en hardangersømsduk på bordet
og jeg hadde sydd den selv

Så sier du anpassang over kaffen:
– Det er en narraktig mani
at piker bestandig skal sitte og fingre
med nogetslags broderi.

Og resultatet! Det representerer en sum
av bortkastet tid.
Men plysjmøblemangkulturen vil ha det
Og kaller det hygge og flid.

Jovisst er det riktig, statistisk bevislig.
Men om det var aldri så sant,
er det trist at et hode så godt som ditt
kan være så seigt iblandt.

Det er ikke det å brodere, forstår du,
men i og under og med,
så ligger det noget evindelig kvinnelig
som ingen mannfolk kan se.

Ikke fordi det er vakkert å se på
og ikke fordi det er plikt,
og tilogmed ikke av skjønnhetstrang,
er det kvinnene pusler med slikt.

Det er ikke mønstrer og farver jeg mener,
der kan du ha sørgelig rett,
men andakten ved det, den ydmyke bønn
til en gud som vi aldri har sett,

til ånden som hviler i stue og kjøkken
og styrer og steller med alt,
at barna er friske, at koksen er drøi,
og middagen passelig salt.

I ånd og sunnhet skal guddomen dyrkes
som skaper og styrer et hjem,
hos oss og på toppen av Garisim
og borti Jerusalem.

Det er å brodere, i ledige timer
feste ned sting for sting til glede for ingen,
til bry for seg selv,
til nytte for ingenting.

Mønstrer og tider kan selvsagt forandres,
det var i den samme ånd
at bestemor sydde de yndigste roser
på bestefars selebånd.

Og mødrene våre, dengang de var unge,
de hadde den samme drøm
over de herligste monogrammer
og laken med engelsksøm.

En andakt kan syes, en andakt kan synges
Og mumles op av en bok.
Men dette forstår du selvfølgelig ikke
fordi du er altfor klok.

Zinken Hopp

(eg vart heilt bergteken av dette diktet)

her er en kommentar til diktet...hentet fra denne siden

"– Kvinner skal ikke brodere.
Bergreen mener det er et klart kvinnepolitisk budskap i diktet. – Zinken ber om å få respekt for sin glede over brodere fordi det gir henne en fredfylt ro. Hun hever retten til å stikke seg bort fra hverdagens krav om effektivitet og rasjonalitet. Professoren trekker frem opplysningsmannen Jean-Jacques Rousseaus bok om barneoppdragelse.– Han mener at broderi utvikler sveklinger. Små piker bør feie gulv og vaske. Og voksne kvinner skal ikke brodere, for det tar oppmerksomheten vekk fra barna. Utsagnet er opprørende kvinneundertrykkende, sier professoren og legger til at Rousseaus innflytelse var enorm. "


Då er vel da mesta sagt om den saka. Da e berre å ynskja seg ei broderisaks tå finaste slaget :)

Om de lurer på kva flasker som flankerer broderiet på fyrste bilete så er det kun til illustrasjon (i mangel på broderisåks) eg har henta gamle medisinflasker med orginalt innhald. Dei er frå før krigens dagar og medisinen er nok dobbel so god i dag...



..so eg trur eg tek meg ein styrt...

Eit godt dikt

skal lukta av te,



eller av rå mold og nykløyvd ved.

Olav H Hauge

mandag 26. januar 2009

Nokre dagar..

kjenner eg meg nedslegen, utslegen og rett ut forlegen. Eg føle meg i vegen...



men då veit eg heldigvis at andre dagar, alt seg ansleis lagar....

søndag 25. januar 2009

Jolagranbrenning...

Atter ein gong fekk joletreet sta i sentrum. "Ildsjeler" samla folk og tre.



Resten seier seg sjølv...

Dagslys

I dag er det ein svært vakker vinterdag her hjå oss. Lysten og viljen kivest om kva dei dyrebare timane med dagslys skal brukast til.

Eg vil ut og ga tur, lukte og kjenne naturen, suge dagslys inn alle porer og kjenne at eg lever etter ei veke på kontoret!



Samstundes har eg eit syprosjekt eg så gjerne skulle arbeide med, og eg arbeider så dårleg om kvelden. Etter klokka 4 er det mørkt og etter det er mørkt er eg både tiltaks- og brukalaus.

Eg er ikkje dummare enn at eg ser at problemet mitt er av den "luxuriøse" sorten....og eg trur at eg startar ute...

lørdag 24. januar 2009

Kva veg ei sjæl

I dag er eg ordlaus og let sambygdingen Olav Nygard setje tone for dagen.



Kva veg ei sjæl i verdsens store skaaler,
kva er ei sjæl, det veike naadesting?
Kva misser verda um ho ikkje toler
det kvasse dagsens klogrip i sin bring?
Ei sjæl er taake, hennar hjarteklage
er ørskerøl fraa villstyrd baanemunn;
ei atterløype fraa vaar draumehage
som villa seg her inn på klaardagsgrunn.

Olav Nygard

"Olav Nygard (1884-1924) er en av de største i norsk lyrikk. Men bare fire diktsamlinger og en bunke enkeltdikt - i sin tid funnet og samlet av Conrad Clausen - har han en ruvende posisjon med sin enestående beherskelse av rytme, rim, metaforer og et språk han selv utvidet med egne ord og uttrykk."



Ynskjer dykk ei velsigna helg!

torsdag 22. januar 2009

Sumarminne...

Kasta meg på bylja med sumarbileter i vente på våren...



For dei med eit vakent blikk er det relativt lett å sjå skuggen til den eg har editert ut av biletet...

God helg!

Oh, yeah!

onsdag 21. januar 2009

Eg veit at der er ei tid for alt...

eg er berre litt usikker om eg får det....

mandag 19. januar 2009

Å verta sett pris på

Da e mangen her i verda so vert sett pris på. Nokre får medalja fø motet sitt te å hengja på jakko, andre får penga og plaketta fø bøk dei har skrive elle fotballa dei har sparka. Nokre får pris for beste film, eller beste birolle, nåken berre prisa seg sjølv, ofta lukkelege, andre att får sett ein pris på håve (hodet)..noko som e noko heilt anna....og ein tullete abstraksjon....uansett, dei fleste vert sprudlande glade for ein pris. Eg er ikkje ansleis.


No har nokre fine dame sett pris på meg, og da er eg rikeleg takknemleg for.
Ida i Lavendula og Tone i Mitt lille rom har gjeve meg denne:

Her er teksten som føl denne prisen:

1. Vinnaren kan kopiere denne logoen til han sin eller hennar side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til desse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen en beskjed på bloggene til de nominerte.

Her er mine nominerte:

Og eg kan trøsta alle med, at alle desse sju vann! Alle desse fortener prisen for sine flotte bloggar som er til inspirasjon og glede for meg kvar einaste dag. Utan desse vart kvardagen litt kjedelegare :)

Den andre prisen eg har fått er frå Tante Julie og er denne:

Den ynskjer eg å gje vidare til Miamor og Gunda M for bloggar med kreativitet i bøtte og spann. Da gjeld mange her inne, men i dag vart det desse to som ligg hjarta mitt nærast.

...og då prisa eg meg lukkeleg for at eg fremdeles har tunga beint i munnen og ingen pris under leppa :)

søndag 18. januar 2009

Småskattar..

No kan det tenkjast at nokre av dykk har fått for dykk at eg er ei surmaga kjerring som klagar på prisen både her og der. Heldigvis så er eg ikkje det. Det var ikkje meininga å virka mygla i forrige innlegg :)
Her er nokre ting eg har funne og vorten veldig glad i...

Desse middagstallerkane fann eg på loppemarknad her i dalen. 40 kr for 8 stk. Nokre som kjenner mønsteret og veit om meir av dette?

Det neste er berre 4 asjettar. Dei er lette og har "billeg" trykk. Dei er laga i gamle Aust Tyskland og er utruleg sjarmerande.

Her ser de mønsteret litt betre.

Ellers har eg kjøpt ein del likørglas på bruktmarknader. Dei er alle små og vakre..og veldig sjeldan i bruk :)

No er bileta teke slik på skrå og nesten på hovudet, så eg reknar med at de er like kloke no som då de kom :)

lørdag 17. januar 2009

Bruktmarked

Eg er veldig glad i gamle ting. Eg er eigentleg ikkje så opptatt av interiør i seg sjølv, men eg likar ting med historie. Eg elskar å lese om loppefunn og arva skattar hjå andre bloggarar. Desverre er det ikkje så lett å få tak i slikt her. Har funne nokre småting tidlegare på eit lokalt Brukthus. Men dei har det siste året prisa varene hinsides reell verdi. 50 kr for ein simpel tallerken, brukt og utan særpreg, er ikkje noko funn desverre. Sjølvsagt kan ein vere heldig å finne eint og anna. Her er det eg drog heim hin dagen.

Mugga tippar litt mot New England - stilen, noko som roterar rundt ein litt anna akse enn det andre eg har. Kanskje eg skal gje den til ei veninne elskar slikt. Fann den på nettet. Dette firmaet som sel desse er lagt ned og har opphørssalg. Mi mugge var flunka ny med merkelappen framleis på seg, så 75,- er vel kanskje ikkje så ille for ei som er på salg for 19 pund.


Sausenebbet tykkjer eg er enkelt og utruleg vakkert. Irriterar meg sjølv at eg ikkje kjøpte det andre i same serie med fat under. Men prisen var stiv så eg nøgde meg med dette. Perfekt plass til Pistasjenøttene mine..

fredag 16. januar 2009

Polfarer...

No skulle eg berre til Knarvik. Men berre til Knarvik er langt nok det, for ei med det som populært vert kalla Hakkadalssertefikat.

Me har to typar Hakkadalssertefiktat. Da eina e vel strengt tatt ikkje noko sertefikat, derav navnet. Da è vel berre da at sjølv om ein ikkje har sertefikat...so kan ein kjøra bil i Hakkadalen. Da e heldigvis ikkje så mangen her med slikt sertefikat.

Da andra è slikt som eg har. Eg har sertefikat, men kan vel strengt tatt berre kjøra i Hakkadalendalen. Da e fleire tå desse sertefikata.


So måtte eg no til frisøren, slik folk må til frisøren av og til, når da gråa tek overhånd og mannen nektar å sove i same rom som ei som har brukt heimafarging.....

Sjølv om me har opp te fleire frisøra her, so e da ingen praktiserande og me må ein liten time i bil for å finna nokon som kan gjere grått svart att.

Da fysta eg gjer er å kvi meg. Eg kvir meg i fleire daga. Eg les langtidsvarsel på både yr og på storm, og skjelv i redsla for is og snjo og anna skummelt ver som kan bidra til gjere turen meir spanande enn den stregt tatt treng å vera. Og når dagen renn er eg i i korte trekk eit lite nervevrak.



Men i bilen ber det, venskapen (skjønnheten) kjem før alt. Miamor skriv så vakkert om turane sine med fint selskap som feks. Josh Groban. Hennar turar høyres so forlokkande og avslappa ut.

Eg måtte ta te takke med det husbonden hadde invitert inn. Eg må sei at eg var ikkje særleg høg i hatten der eg sat aleina med fire gamle kara frå KIZZ. Det vart så ubehageleg å ha Gene Simmons i baksetet at eg måtte stoppa og be dei gå.

Berre fø å oppdaga at ein einsam og forsoffen Jokke sat att dar bak. Eg hadde tenkt å sende han same vegen, men då han mumla noko om kor pen eg var, tenkte eg no at jaja..han kan no vere med litt lengre....heilt til eg klarte tyda: >Du er ingen fotomodell, du er ingen Garbo Jeg driter vel langt i det, jeg liker mørke og harry. Då bar det av på neste bussstopp.

Ja, ja. Eg hadde to ting å bekymra meg over. Finna parkeringsplass utan å drepa nokon ,og is....det var mange minus og redsla for at saltinga hadde vore i gnitnaste laget låg langt framme.

Etter få minuttar inn i turen skreik det tredje mot meg. Bilen var tom for bensin. Og eg er ikkje ein dreven bensinfyllar. No tenkjer kanskje du at ”gubbevaremegvel! Kor vanskeleg kan det vere??!” og då må eg få sei at sist gong eg skulle fylle olje på ein bil endte eg opp med å fylle på 2taktsolja. (og som eg no veit er den spesiallaga for mellom anna mopedar og motorsage :) so ja ingen veit kva det kunne ende med om eg måtte te på ein ukjend og skremande bensinstasjon denne dagen. Disel i spyleveska er det vel nærliggjande å tenke på....



Ja,ja turen gjekk smertefritt, både for meg og mine medborgarar. Håret vart svart att, eg svippa tilogmed innom brukthuset i Knarvik som heilt har prisa seg ut av marknaden desverre.

Da høyre til historien at eg ikkje fylde bensin uti verda. Eg kjørte med det rauda lyset heilt til eg var heimatt og kunne pusta letta ut ved pumpene på Mo....og då eg stod der kom eg til å fundera øve..om han dar Jokke kanskje hadde vore inne på noko likavel....

..om nokre undra seg over overskrifta so høyre da med til historien at me må til Knarvik for å finne nærmaste pol... :)