lørdag 10. januar 2009

Om å setja alt øve styr....

Eg har so mange planar, so mykje kjekt å gjera i tida som kjem. Og so er eg på rett plass i livet og faktisk for ein gong skuld er eg på rett plass til rett tid. Eg har nytt hus. Eg har ny hage. Eg har handla inn lauk og sett ned ute i hagen for, ja, eit tresifra beløp. Eg kan nesten ikkje vente på dagen då dei alle skal stå i full flor og eg skal berre sige rundt i hagen med kaffikoppen min og gjere ingenting. Som eg tidlegare av avslørt har eg nokre små prosjekt inni huset også.


For å sei det rett ut, om alt går etter planane, mine planar, skal dette verte eit flott år. Men. Ja, der er eit men. Eg er desverre ikkje aleine i verda. Rundt om kring fins det folk som er villeg til å setje alt dette over styr. Det kjennes som det til tider er fullt av menneskje som rett og slett ikkje veit å oppføra seg. Dei sless og dei drep. Dei bryr seg overhovudet ikkje om at eg vert usikker og redd. Redd for at alle mine plana vert sett over styr og verda som eg kjenner ho skal ramla saman.

Så eg tykkjer nokon burde sei i frå. At me finn oss ikkje i da. At berre fø da at dei er av det hissige slaget so kan dei ikkje fara slik åt, at slike som meg, men både hage og interiør må ga rundt å vera redd for at alt eg har arbeidd fø var heilt forgjeves...

NB! Eg er heilt sikkert at eg har Fru. Beckhams støtta i denne saka ette at eg las at ho no hadde fått seg ei veska til 800 000,- te jul hjå mannen.....

..og nei, jula er her enno...men eg har ein plan for korleis eg skal sopa ho ut i måro.

5 kommentarer:

  1. Veldig godt skreve!
    Kjenner meg att,føler på kroppen det du fortel. Me må ikkje tenkje på det! Kneppe igjen alt-ikkje ta inn..ikkje so mykje at me ikkje får sove..og så sei i frå der me kan!! Gi vårt vesle bidrag, men ikkje la det "ta" oss!
    Me skal gleda oss til våren!!

    Berre ikkje influensaen tar oss, den VERSTE i manns minne! (ser du!)
    :)

    SvarSlett
  2. ..ikke lett det der....hva gjør vi? hva gjør vi ikke....sier som Bjørn Eidsvåg.."når eg bryr meg om de nære ting og ellers lar det skli..nå klager jeg på skatten og nyter hjemmets lune fred..nå er jeg endelig voksen"

    ;)jeg vil prate om så mye med deg ..me kjem..eg og ho Mimmi..det skal vi planlegge eg og ho over en kopp kaffe neste veke.....

    SvarSlett
  3. Et vakkert blogginnlegg i både ord og bilder. Ja, tenk hvordan de holder på, i 300 år har den krigen i midt-østen holdt på nå, ikke godt hverken for den ene eller den andre parten, ingen er vinnere alle er tapere. Allikevel på en måte skjønner jeg fortvilelsen der nede, da urettferdighet er noe av det værste som forekommer, men jeg kan nok alt for lite om den konflikten til å uttale meg.

    Men du, de nære ting skriver Marit her, sant det å..., og du..., du får nok gå ut i den flotte hagen din til våren. Bare vi vet å sette pris på de nære ting da??? Kjenne gleden over små hverdags-greier???
    DA har vi skjønt det da , om du skjønner hva jeg mener....?

    Jøss, dette ble mange vanskelige ord og spørsmålstegn du :-)))

    Men en fin fin søndag skal du ha!!

    SvarSlett
  4. GODT skrevet kjære deg!

    Her er alt som vitner om en svunnen jul borte i dag..
    JEG ER KLAR FOR VÅREN :o)

    Ønsker deg en deilig søndag!
    Klem :o)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.