onsdag 30. juni 2010

Hyssshhhh...

...ikkje eit pip!


mandag 28. juni 2010

Kveld



søndag 27. juni 2010

Sumaren får fotfeste...



søndag 20. juni 2010

Fishing i Valdres..




Makken leve enno, kroken var fake og modellane kjøpt med is og snop..

lørdag 19. juni 2010

Ein bloggar si tilståing...

øve morgonkaffien...



Eg har alltid rekna meg som ei som går litt på skrått i gjøno straumen. Ikkje heilt i mot, men heller ikkje heilt med. Berre daud fisk søm med straumen seie dei, sikkert både sant og usant i det. Da e ofta kjekt å tru at grunnane til våre val er veldig høgverdige, at me er meir genuine enn andre kanskje. Min grunn har som oftast vore penga. Å reisa med straumen kostar ofte litt penga. Ikkje noko svært høgverdig med det, anna enn at eg ikkje vart heilt A4, faktisk kanskje litt meir A5 til tider...

So vart eg bloggar og kjende kor desse straumane vart sterkare og sterkare og plutseleg hadde eg kjøpt meg både da eina og da hitt...som eigentleg ikkje var heilt meg. Ein dag vakna eg opp i eit kvitt blonde helv..... og visste at eg hadde gje for langt. Då eg endeleg hadde kara meg til bake til min eigen stil hadde eg uforvarande kjøpt meg nokre koppar frå Green Gate...kanskje det mest straumeførande som fins i år. Fine nok, men ikkje akkurat praktiske som karane her pekar på, eg må gå frukostkaffirunden med arbeidshandskar på for å ikkje brenne fingrane av meg....

Og her i går greip eg meg sjølv på fersk gjerning rett før kjøpte eit middels stort famileservise av da sista nya ...PIP.

Herregud!

Eg hadde lese at PIP var for vidarekomne, dar GreenGate var for allmuen, og kven vil vel ikkje rekne seg blandt dei vidarekomne? Før eg visste ordet av det var eg vorten slaven din... interiørbloggemonsteret...med dei strie straumane dine... (formidlande omstende, gensaren er heilt klart ikkje Odd Molly, heller Ellos trur eg...)

To koppar.. litt ubrukeleg Green Gate, og eg var fortapt. Eg hadde røykt min fyrste joint og no er det gjort...

torsdag 17. juni 2010

Regn...




...nett ein kommentar til skjenken under...det har aldri vore på tale å male den. Eingong svart, alltid svart...da va utfordringa eg kvidde meg fø....

onsdag 16. juni 2010

Snjoblind...

Da va so enkelt å male alt kvitt. Da gjorde da lett å skapa harmoni og kjensla av det enkle. No har eg fått av ei veldig snill tante, eit smykke. Men smykket er svart. Og eg kan vel berre kvitt. Ei stor utfordring spør du meg...




Mannen meine alt va betre før. Eg er bergteken, men ikkje meir enn at eg ser klare utfordringar...

søndag 13. juni 2010

Nymalt

Skulle gjerne malt alle golva mine i 2 etg. i sommar. No når somaren er her har eg så lyst å gå barfot på nymalte golv. So lyst eg nesten gløyme alt arbeidet det er før eg er i mål..

onsdag 9. juni 2010

Viltveksande venleik..




..den veks vilt, overalt....så det er ikkje så lett å gløyme den.,,...

tirsdag 8. juni 2010

Sol ute..sol inne..



Med desse rosene frå Plantasjen i Åsane, som kanskje har sett sine betre dagar, rosene altså, vil eg kome med litt skryt. Då eg skulle lage Hurdalsrosehekken min i år, var eg på desperat jakt etter 12 Hurdalsroser. Det viste seg å vere vanskeleg. Ingen hagesenter eg besøkte hadde dei, nokre hjelpsame damer visste ikkje eingong kva rose det var.

Gode råd var dyre så eg sette meg ned og sendte epost til alle hagesentra i distriktet og høyrde om dei kunne hjelpe meg. Eitt svar fekk eg, og det var frå Anders på Plantasjen i Åsane. Han fiksa Hurdalsroser til meg endå dei var utseld frå leverandør og det var midt i transportstreika. Via epost og telefon fekk eg ordna meg hagemøblar på tilbod, Mary Rose (som ingen andre hadde heller) og nok Hurdalsroser til ein heil hekk. (mannen i huset var sjølvsagt pakkesel og kjørde skytteltraffikk ettersom eg og Anders fann nye objekt å investere i...som nye hagemøblar som berre skulle stå til pynt på plenen :)

Supert, Plantasjen i Åsane!!!

mandag 7. juni 2010

Hageskulptur

Denne var veldig billeg... desse steinane kom opp då brudespireaen skulle ned. Lika den so godt at den får stå, i allefall litt...


søndag 6. juni 2010

Helg er hagetid


lørdag 5. juni 2010

og det vart lys...

Sol og sol og sol. Heilt herleg!



Har samla eit lite knippe stilleben til Nib sin månadlege utfordring. Det er rett mykje ein må passe på etter å ha lest meg litt opp. Halvor Bakke har sine tips om glitter og stas og kontrastar, han anbefalte også levande lys. Då eg prøvde det onsdagen fyrte eg opp heile blomebuketten, so no går eg for den naturlege varianten. Glassveranda manar om individualitet og personlegdom. Problemet med det oppstår fyrst når stillebeina ligg på bordet og julepynten finn vegen opp i pelargoniane. Emmeline kjem med sjarmerande antydningar om at me er altfor like i dette hegemoniet som interiørbloggarane etterkvar utgjer... og litt sant er det no.. eg veit jo kor lett det er å verte ei hermelus..

Eg har lagt meg alt dette på hjarta og vinglar meg utpå i denne krevande oppgåva og håpar det er lov å samle eit knippe og overlate til dommarane om nokon kjem gjennom nålauga.

Og det vart lys




Eg likar bilete fulle i lys veldig godt. I dag vart kanskje kontrastane i mesta laget, likavel betre onsdag i regn og tåke. Blomebuketten har nok tapt seg litt men struttar i veg det beste den kan.

Nokre gamle favorittar



Desse er eg personleg veldig glad i...lokale råvarer i plastikkskål fra Kremmerhuset og karaffel og glas fra Farmors Hus. Stolen og blomane er veldig lokale og mugga er frå IKEA.

Man tager hva man haver i haven...



No er det no ytterst sjeldent at eg et reddikar ute i sola medan eg les ei gamal bok, det er fort slike stilleben tek ein feil sving og vert heilt absurde....

Liggjande format


Subtil erotikk?


Same kommode...ny stas.

Som de ser må det alltid vere med ein blomebukett i mine stilleben, har vore på avvenning, men det gjekk heller dårleg.....