lørdag 5. juni 2010

og det vart lys...

Sol og sol og sol. Heilt herleg!



Har samla eit lite knippe stilleben til Nib sin månadlege utfordring. Det er rett mykje ein må passe på etter å ha lest meg litt opp. Halvor Bakke har sine tips om glitter og stas og kontrastar, han anbefalte også levande lys. Då eg prøvde det onsdagen fyrte eg opp heile blomebuketten, so no går eg for den naturlege varianten. Glassveranda manar om individualitet og personlegdom. Problemet med det oppstår fyrst når stillebeina ligg på bordet og julepynten finn vegen opp i pelargoniane. Emmeline kjem med sjarmerande antydningar om at me er altfor like i dette hegemoniet som interiørbloggarane etterkvar utgjer... og litt sant er det no.. eg veit jo kor lett det er å verte ei hermelus..

Eg har lagt meg alt dette på hjarta og vinglar meg utpå i denne krevande oppgåva og håpar det er lov å samle eit knippe og overlate til dommarane om nokon kjem gjennom nålauga.

Og det vart lys




Eg likar bilete fulle i lys veldig godt. I dag vart kanskje kontrastane i mesta laget, likavel betre onsdag i regn og tåke. Blomebuketten har nok tapt seg litt men struttar i veg det beste den kan.

Nokre gamle favorittar



Desse er eg personleg veldig glad i...lokale råvarer i plastikkskål fra Kremmerhuset og karaffel og glas fra Farmors Hus. Stolen og blomane er veldig lokale og mugga er frå IKEA.

Man tager hva man haver i haven...



No er det no ytterst sjeldent at eg et reddikar ute i sola medan eg les ei gamal bok, det er fort slike stilleben tek ein feil sving og vert heilt absurde....

Liggjande format


Subtil erotikk?


Same kommode...ny stas.

Som de ser må det alltid vere med ein blomebukett i mine stilleben, har vore på avvenning, men det gjekk heller dårleg.....

5 kommentarer:

  1. Flotte stillbenbilder du har tatt. Det ble flott med kontrasten rødt mot det hvite, var virkelig fint! Lykke til!

    SvarSlett
  2. Vakkert vakkert vakkert!

    Nydelig bidrag!

    Ønsker deg lykke til og en nydelig sommerkveld!

    Tove

    SvarSlett
  3. Ja, du har så rett i alt du beskriver. Men stilleben fikk du iallefall til. Jeg har også slengt meg med i utfordringen. Lite gjennomtenkt, bare et bilde av det jeg hadde stående på mitt ellers kjedelige kjøkkenbord! Og blomstene visnet dagen etter, så de tålte tydeligvis ikkje oppmerksomheten! Eg kommer aldri livet igjennom nåløyet, men det var jo fritt fram for gud og hvermann. Shit au, eg prøver emg no... :-) Du skriver bra! Eg måtte le et par ganger. Herlig kost på en ellers nokså treg lørdagskveld! Takk kjære deg!

    SvarSlett
  4. Du dyktige dame!

    Eg eeeelskar bildet med morellene (kissebær???) Det er ....smask!
    ja, alle desse nye bildene med noko deiligt i karaffelen er heller ikkje å forakte! :)

    ...tenkjer aldri på deg som ei hermegås- synest du alltid er nyskapande eg!

    Men...etter å hatt kunsthistorie ser eg litt anderledes på det! Alle har jo latt seg inspirere!
    Når ungane kjem heim og suttrar for at nokon hermar lærer eg dei at dei skal væra stolte!
    Me bloggar og inspirerar kvarandre!
    Men såklart er det mykje meir spanande å kikke inn der det kjem noko nytt- spring fort ut av bloggar der ein har sett noko før!
    (Utan å ha lest Emmelie sitt innlegg masar eg i veg! He,he ! Kanskje eg er heilt på blåbærtur! )
    (akk ja! Du veit kva eg ville fram til!)

    Ringen din er framleis eit fat eg fann i veka! :) Men kjem det litt verkstadtid til mor kan draumen fort bli røynd og då fiksar me det etterkvart! Har deg i tankane!
    klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.