tirsdag 31. august 2010

Snart senker natten seg...


men fyrst skal me ha ein heil sopptember månad med fjell og skog..

mandag 30. august 2010

Syrinhortensia..

søndag 29. august 2010

Frihet og Gud...


"Mit lavlandsliv har jeg levet ud; her oppe på vidden er frihed og Gud, der nede famler de andre." Henrik Ibsen




lørdag 28. august 2010

Hausthage







Mange favortittar i hagen blømer enno. Så synd det snart er over....

torsdag 26. august 2010

Tomme tønner.....

Ja i dag hadde eg faktisk veldig lyst å blogge noko. Litt usikker på kva...




Kanskje somarkoppane og fata frå Isabellas Smith, som heilt på eigenhand fann vegen hit frå Danmark, heilt fånyttes. Kanskje til neste år?

Eller dei flotte pelargoniane mine som fyrst no har funne det for godt å blomstre. Kva dei heiter? Det kan vere både Dronning Ingrid, eller Fru. Bjørnstjerne eller kanskje til og med Mårbacka, for alt eg veit so heiter dei alt på ein gong.

Eg kan jo alltids vise restane av årets favorittsommerblomst...rosa brudeslør..ikkje fullt så vakkert no.. litt sliten og frynsete i kantane....nett som brura :)

Eller berre bilder av skrot og rot som samlar seg opp gjennom ein sumar og som det snart er på tide å rydde bort....

Eller aller helst det stadig veksande Pip serviset mitt? Berre så dumt at mannen sitt "damebesøk" (revygruppa) akkurat no sit og meskar seg med det, eller i alle fall vesentlege delar av det...... mens eg sit her på eigenhånd og skramlar...



Ein fin torsdag til dykk alle!

onsdag 25. august 2010

Hyttedrauma...

Me drøyme om ei hytta. Ei hytta med sjød'n. Ei hytta med mange soverom, stor stove, kjøkken, bad med dusj og do. Me drøyme vel eigentleg om eit hus med havet når eg tenkjer meg om. Kanskje til og med ved Middelhavet...




Da goe med drauma er at dei kan gjere deg håpefull og glad sjølv om dei aldri vert anna enn drauma. Me får vel sånn realistisk sett greia oss med hytta... te ungane.

mandag 23. august 2010

Erta...berta..


Eg las i ei bok at til meir me hausta av blomstererta, di meir blomar kom det på sjølve planten. Eg tek inn og tek inn... og jammen trur eg at boka hadde rett..

torsdag 19. august 2010

Siste sumardagen sa dei på radioen...


...klokka sju på morgonen... vil ikkje det skal vere over, ikkje enno...nett vendt meg til varmen og sola ...

onsdag 18. august 2010

Sjølvgjort er velgjort...

Bukkettar frå hagen er klart min favoritt. Desverre er eg ofte gniten på desse blomane. Eg har sett dei vekse og streve seg store og flotte og då er det med tungt hjarte eg kuttar dei av og tek dei inn...til eit intenst.. men dog kortare liv....