mandag 31. januar 2011

Dagens vårinspirasjon



Som sikkert mange andre med meg, kjøpte eg nokre kirsebærkvister i blomsterbutikken hi veka. Og no står dei i full flor. Dei står så vare og lyse, i sterk kontrast til vinterstormane som herjar utanfor.



Eg veit det vert grenselaust kjedeleg, med "dagens veg og føreforhold" herifrå kvar einaste dag, men som de veit...det hjarta er fullt av, renn munnen over med...eller som i mitt tilfelle.....det skoa er fullt av....... :O
..og for dei merksame...mengda whiskey har minka i takt med at drittværet har teke seg opp....

søndag 30. januar 2011

Uvante fargar...



Gul og orange er ikkje fargar du finn i store mengder hjå meg. Likevel syns eg det er hereleg å plukke dei inn ( ikkje frå hagen denne gongen :) frå tid til anna. Dei gjev gleda og energi.


Og eg seier ikkje takk til litt ekstra energi om dagane og deler sjølvsagt og gjerne med dykk!


Takkar også for alle fine kommentarar eg har fått dei siste vekene, har ikkje heilt klart å komme meg rundt og fått takka fint for dei. Ingen nevnt er ingen glemt, er eit kjend utrykk, og gløymde er de ikkje. Ei spesiell helsing til alle dykk som tek dykk tida til å knaste eit par ord. Dei er høgt verdsette :)

God ny og fargerik veke!!!

lørdag 29. januar 2011

I dag skein sola

.....



eitt lite bel før den vart overmanna av ein liten lokal snjostorm. Våren og vinteren kjempar på rundt nåva, vinteren vinn.... enno... men kven bryr seg?

torsdag 27. januar 2011

Lukkeleg gjennbruk...

...




I dag måtte eg grave i arkivet etter bilder. Slik at eg kunne ynskje dykk ei fargerik helg!

onsdag 26. januar 2011

Stille liv...


I dag er det ein stille onsdag i dalen. Sola skein på toppane og lova vår om ikkje so altfor lenge. Godt var det, me hadde nesten mista motet her nede...

tirsdag 25. januar 2011

Vårlengt...

....




mandag 24. januar 2011

Ikkje så mykje..

....
... berre litt ditt...



.. og litt datt...



..og det er i grunnen nok....

søndag 23. januar 2011

Second time's the charm...

eller third time lucky som det eigentleg heiter. Men denne gongen trengte eg berre to forsøk før sukessen var eit faktum.


Sist gong eg kjøpte inn fiken rotna dei bort på kjølen og skuffelsen var stor. Då eg blogga denne triste historia, var det mangen som greip ordet og tala fikenen si sak. Sopass påståelege var dei at eg forstod eg hadde dumma meg rett ut. Så nye fiken vart kjøpt inn og no skulle dei få snadderfylgje på vegen i magen.

Når eg skal prøve ut nye saker likar eg å ha truverdige forsøkspersonar innan rekkevidde, og i dag hadde eg ei kjekk veninna som testkanin, så det var berre å kasta seg utpå. Oppskrifta var enkel og resultatet upåklageleg!


.....man tager ein fiken og deler den delvis i 4. Pass på at "botnen" heng saman. Legg fyrst i ein liten klatt smør, så ei teskjei honning, før du til slutt rislar over ein liten neve med grovhakka hasselnet. Sett i ovenen ca. 15 minutter på 180 grader. Server med litt vaniljeis...
Og tru meg, me hadde eit lite bel i sjølvaste paradiset der me nytte kvar vår fiken.....

Ein supergod og superenkel dessert (som sjølv mor kan ;) til både kvardag og fest!

lørdag 22. januar 2011

Kaboooom!

Då var eg bloggeklar igjen. Travle tider og mørke dagar reduserer bloggeenergien til null, men litt dagslys i dag gjorde underverker.



Ute snjoar det, men eg veit at no er det ikkje lenge att til sola kjem att hjå oss og det gler me oss ubeskriveleg til. I mellomtida får tulipanar lyse opp kvardagen her inne i den nedsnjodde dalen...



Eg kjenner meg klar for ein røffare stil i interiøret, men snublar i blonder og bling overalt. Er litt interiørmessig forvirra for å seie det rett ut. Det einaste eg veit er at eit hus utan blomar, er berre eit hus.... :)

God laurdag!