tirsdag 30. august 2011

Provincia del Chianti













Sommarminner..

Kan leve lenge på minner eg..

 
 

Denne sommaren har hatt mykje å by på....

mandag 29. august 2011

Sommaren er over...

I dag leste eg i avisa at me ikkje måtte rekne med sommartemperaturar fleire gonger dette året. At me beint fram må instilla oss på at sommaren faktisk er øve.



Eg trur at nett som eldre folk kjenner seg unge inni, so vil eg alltid ha sommaren med meg, sjølv midtvinters i 20 minus vil eg sjå (is)rosene bugne over med flor... ;)

søndag 28. august 2011

Skogen..

I dag har eg vore i skogen..

 

..og leita etter sopp

 

..den fann eg. Fekk meg litt sjelefred på kjøpet....

Den svarte soppen er: Svart trompetsopp; sjelden og ettersøkt, en utsøkt delikatesse! Horn of plenty ~ Black chanterelle ~ Craterellus cornucopioides... Eller, som noen kaller den, trumpet of the dead!..

fredag 26. august 2011

vin...


Eller var det yin?
Published with Blogger-droid v1.7.4

onsdag 24. august 2011

onsdag...



Korleis nokon klarar å sykle i 37 varmegrader er for meg ei gåte..
Published with Blogger-droid v1.7.4

tirsdag 23. august 2011

Herlig morgon


Published with Blogger-droid v1.7.4

søndag 21. august 2011

Kontrollsenteret...

Loftstoveprosjektet putlar seg vidare. Det går seint grunna fint ver. Likavel har me kome til kontrollsenteret i huset. Arbeidsplassane til dei vaksne. Før hadde me eit flott furuskrivebord i vinkel som husa oss begge. Då eg ville skifta det ut måtte eg bruke bilargumentet.

 

Bilargumentet er at alt som er eldre en bilen me nett har skifta ut, også bør skiftast ut. Det virkar i alle fall enn so lenge. Eg vil ha bordet langs veggen, men grunna skjermane må me eit stykke ut frå skråtaket for å få plass til dei. So breie bord lagar ikkje Ikea og dette for funke for no. Eg planlegg å lage bordet skjølv og bruke bukkane frå Ikea.

 

Det er no i alle fall lyst og fint, lysekvitt som mannen seier... God sundag!

fredag 19. august 2011

Saft og syltetid

Beste tida tykkjer eg....




 



God helg!

torsdag 18. august 2011

Yogasoga...

Som tidlegare nevnt, fòr eg sist helg på yogakurs, eller spahelg som eg fantaserte om...



Te vanleg er eg ei dama med skuldrena limt fast i øyreflippane. Her er det mykje Yang og lite "slow living". Eg lærte meg allerie som lita jente, at da luraste eg kunne gjera, var som pedagogane seie, ete middag før eg dreg på med riskremen. I praksis betyr det at eg gjer det balna fyrst slik at eg kan gjere det kjekke etterpå. Ulempa er berre at eg alltids finn noko nytt og bale å gjere når eg er ferdig , og kjem sjelden eller aldri til det kjekke. Fordelen er at eg får mykje gjort, ulempa er at eg har det i minsta laget kjekt.



I sommar tenkte eg at det var på tid å forandre dette, livet ligg liksom ikkje berre framfor meg lengre, kanskje snart mest bak,  og fleire har sagt at yoga sikkert var noko for meg. Jau so tenkt så gjort, og eg melde meg på når sjansen baud seg. Ei florlett svensk kunst- og yogadama villa halde kurs her inne i hakkadalen ei heil helg. Kor ofte skjer slikt? Eg trur på "stor-i-kjeften-politiet" som eigentleg er litt i same  gate som karma, og kanskje skjebnen også,  og tenkte difor at dette kurset var sikkert komme til berre for meg. Dette kom til å verte krusing rett inn i fred og harmoni...



So feil kan ein ta. Eg har lege i "barnet" og nesten vorten kvalt av mitt eige fett. Eg har bomma heilt på konseptet og møtt opp i knallsvarte klede medan dei andre flaug rundt i kvit englestas. Eg har pusta "eldanding" i "koen" og "katten" i jakt på "det tredje øga". Til dei som ikkje kjenner til denne anden, så skal den dragast kjapt gjennom nasen, inn og ut, som ein hund som pesar. For ei som ikkje har pusta gjennom det organet sidan ei tyngre forkjøling i femårsalderen var dette som å sta i bru og klø seg på rompa. I tillegg måtte eg innsjå at "det tredje øga" som også kan kallas intuisjonen, totalt er fråverande i denne skrotten. Eller i allefall treng briller så tjukke som colaflaskebunnar. Noko som forklarar fleire store bommertar i fortida :)



Hadde eg hatt vit hade eg lege det på hylla. I staden tenkjer eg at eg tek meg ein tur til optikar...med "det tredje øga" og prøver litt til. Eit liv med Yang, treng litt Yin...eller var det vin?

onsdag 17. august 2011

Eit pallebord..

Pallebord er jo verkeleg innovativt for tida. Nytt, ubrukt og spanande. Not :) Likavel var det akkurat det eg hadde bruk for i loftstova.



Ikkje for høgt så ting og tang sperra utsikten til fjernsyn og spel. På hjul slik at eg kan støvsuge og vaske popcorn blant anna :) Fyrst fann eg ein vanleg europalle og sette hjul på. Den fekk jubel i heimen. Til og med min far, bonden, tykte den vart flott. Men for å få den praktisk måtte ei glasplate på toppen til. Det kosta rundt 2 tusen. Då vart det billege pallebordet plutseleg dyrt...



Då fann me nåke plank i løo has far. Det var gamal kledning frå heimahuset. Hogga og saga lokalt i dalen på 30-talet. Då vart det plutseleg litt historie med på lasset og det seier eg jo ikkje nei takk til. Tok borda med heim og byrja å pussa vekk den gule malinga. Det eg ikkje hadde skjønt var at desse kledningsborda var mala i dei daga maling var maling og husa var skotsikre etter kun eitt strøk. Malinga let seg ikkje rikka.



Surt skal surt fordriva så eg malte eg og. Eit strøk golvmaling og til noko betre kjem rekandes vert det nok slik det vert. Sjølv om alle dei andre likte pallen betre :)



Tenkte å beise understellet svart og lage botn til blad og fjernkontrollar. Til helga kanskje...


tirsdag 16. august 2011

På kontoret

har eg nokre gamle minner...



..gamle minner er som god vin....vert berre betre og betre etterkvart som åra går..