onsdag 30. november 2011

...litt utplokket...

Det vart ein litt lengre bloggepause enn planlagt. Eller ingen pause var vel eigentleg planlagt, men livet tok overhånd. Eit julebord skulle få plass innimellom også, og i mange timar på førehand vasa eg i storbyen og lette etter klede som skapar folk, berre for å få same melding kvar eg kom...det er litt utplokket på størrelsene...

 

..slik er det å vera seint ute, ute i siste liten. (og alle skjønar at det ikkje var størrelsen "small" eg leita etter)  Alltid litt på hela, gjer i dag det som skulle vore gjort i går. Eg drøyme lika naivt om det året eg vert på linje med dei flinke jentene, jentene som er ferdige med pakkene vekesvis, kanskje åravis på førehand. Jentene som er superkreative og lagar alt sjølv og sjølvsagt heilt frå grunnen.....

 

.. kvart einaste år er eg for sein til å kjøpe julelys og julepynt...kvart år er det like utplokket som året før. Folk har faktisk kjøpt alle adventslysa før fyrste sundag i advent og butikkane tek då ikkje inn nye...til slike som eg som kjem ei veke etter...

...men til neste år...er det atter nye høve..

torsdag 24. november 2011

Argh...

I dag har eg måtta telja te ti............mange gonga....



...da hjelpe...da è kje folk da e snakk om...da è dataprogram...vare...

onsdag 23. november 2011

Førebuing...

Det finaste med advendtstida, når tida strekk til, er førebuinga. Gleda over å pynte og gjere ting vakkert. Som alltid kjem denne tida som julenissen på kjerringa. Vips so var det fram med advendtspynten att. Noko har aldri vorte pakka ned...

I år er det mykje natur i pynten og det passar meg godt, glad i skogen som eg er. Likavel klarar eg meg ikkje utan litt glitter og stas i julepynten. Då vert det fort  for kaldt og beint fram simpelt og gjev meg inga kjensle av fest. Eg har planar om å klare denne jula utan noko frå TineK, verken telysglas eller skåler. Eg kjenner det pressa på, men eg står enno tappert i mot. Hjortane skal også til ei viss grad få behalde gevira, men kongler og mose hverken står eller ligg trygt i skogen. Sementen står eg over og satsar på at minst mogeleg av den finn vegen i julebaksten....

Krydder som før i tida var rekna som eksotisk, kanel, nellik og stjerneanis synes eg er vakkert som pynt og skaper herlege lukter i heimen. Ungane er nok ikkje alltid einig med mor om kva som er pynt og kva som er festpynt. Eg reknar med at både glitter og glam i store dosar må til for å tilfredstille deira syn på julepynt. Og kjekt er det!

Jul vert det no uansett :)

mandag 21. november 2011

Advent..s...kalender.

Eg ser at dei fleste held på å førebu adventslysestaken. Her vart eg teken litt på senga og har ikkje fått handla meg inn lys. Da e grenser for kva Coopen kan hosta opp på ein vanleg vekedag, så den må vente til eg har vore i storbyen og shoppa litt. I mellomtida held eg på å grave fram adventskalendarene. Denne laga eg i fjor og den vart ein liten hit på Pinterest

Eg har nokre nye på gong. Skal ta bilder og vise framgongsmåter når lyset eingong  kjem tilbake...

søndag 20. november 2011

Lukka...

Eg vart for ei tid tilbake den lukkelege eigaren av ein furukonglekrans som  LOVE PEACE PIONIES gav bort i sin Gi-bort. Har lenge hatt lyst å vise den men lysforholda her i Hakkadalen er svært kritikkverdige no på vinterstid. I dag lysna da litt opp, men før eg hadde fått minnekortet i kamera var verda småtte i ein sekk att. Derfor måtte eg ut...

 

Kransen er vakker uansett kor eg heng den og i kva miljø. Så tusen takk for den flotte gåva.

lørdag 19. november 2011

Skogens kongle..

No skrid me inn i kongla si tid. Kanskje spesielt i år har kongla kome til heider og æra att.

 

Min favoritt er furukongla. Kjem nok ein del av dei i hus til jul.

Har du hørt om den dyslektiske elgen som satt i toppen av et tre? 
Han trodde han var skogens kongle…


God laurdagskveld!

onsdag 16. november 2011

Frost....

 

tirsdag 15. november 2011

Kem è eg?



Ja, da håpa eg verkeleg nåken dar oppe, elle ute, veit litt meir om enn eg....




søndag 13. november 2011

Vinteren som forsvann...

..i går kom eg slik i julestemning at eg bakte peparkaker med ungane. I dag når eg skulle ta bilder av dei var lyset borte, ute var det regn og grøne bakkar... Vinteren har verkeleg forsove seg i år...

 

lørdag 12. november 2011

Er vel snart på tide...

Å tenkje på jula...

  

..da vert kjekt kjenner eg....

fredag 11. november 2011

Nokre dagar må ein berre...

..tenkje seg litt om...

 

God helg!

torsdag 10. november 2011

I grålysninga...

..forstår eg at det er ikkje lett å selgje inn drivhusvisjonen min til dykk... Om det er eg som ser noko de ikkje ser, eller at de faktisk har sett det eg ikkje ser... gjenstår det no å sjå...



Det som i allefall er sikkert er at det er tyngre og tyngre å sprette opp or senga om morgonen. Flanellen har gjort sin magi.....

onsdag 9. november 2011

På tide å vakna...

Tidlegare innlegg om drivhusprosjektet har hatt overskrifter som drivhusdraum ol. Og her ligg eit viktig problem, eller ei utfordring som dei seier i folkeskulen. Når ein drøyme vert lite gjort....

 

Målet synes langt unna, men med årets siste blomer i karmen anar eg framleis kva det eingong kan verte..

 

...nokon som har ei oppskrift på korleis ein driv med kalkhvitting og tilfeldig har ei oppskrift på korleis ein lagar "grauten" også?

tirsdag 8. november 2011

Novembertåke..

  

Så lukkeleg for det fine verte me har vorte velsigna med her på vestlandet no i november. Håpar det varer enno litt.

mandag 7. november 2011

Siste erteblomen...

plukka eg i dag. No står den og spreier vellukt på kontoret...

søndag 6. november 2011

Alle gode ting....

Denne månaden si utfordring på NIB er soverom. No har eg nett vist deko vårt soverom og kunne vel strengt tatt brukt dei bilda til dette. Men eg likar veldig godt å bruke dagfersk vare. Laurdag og laurdagsvask, nokre bilder før sengetrekkskifte og nokre etter. Lite lys i dag å leike seg med, men laaaaaaaaaaang lukketid og stativ hjelper på.

 

Soverommet vårt er veldig lite og har skråtak og eit lite vindauga. I etterpåklokskapens lys (!) skulle me ha laga oss nokre takvindauge for å nyte det lyset som fins her om vinteren. Soveromdraumen er eit stort og luftig rom som badar i lys, men streng tatt bør det no heller vere mørkt når me søv...so akkurat da behovet er godt dekka hjå oss. Små, stygge innsekt i plast fins over alt på sovereommet vårt sidan sonen i huset elskar å vakne utpå kvelden av mor sine hyl....

 

I tillegg til å vere soverom er rommet også treningsrom for mannen i huset og husar derfor også treningsbenk og  haugar med vekter...herleg å stumpe i når ein sjanglar utav senge tidleg ein blåmandags morgon....Sengegavlen laga eg i sommer, det kan de lesa om her.

 

Eg føler kanskje eg har ramla litt uti trendspannet uten å heilt klara dra det i land. Skulle gjerne vore litt meir innovativ, men dengong ei....snart skal eg mala golvet lyst som i loftstova...

So er det vel berre å sei god natt! I morgon skal eg på Yoga att og prøver autopublisering ....

lørdag 5. november 2011

Så klar for senga...



...må berre drikke litt champagne fyrst....

God laurdagskveld!

onsdag 2. november 2011

Vakker november..

Eigentleg hadde eg tenkt å endeleg blogge litt interiør i dag, men ute var ein slik vakker dag...

 
 

..eg berre måtte ha den med i den store historia....

tirsdag 1. november 2011

Novembertirsdag...