lørdag 31. desember 2011

Eit velsigna Nytt År!

Vil avslutte dette året med ei helsing til dykk alle som har teke dykk tida til å lese bloggen min.

 

Eg vil ynskje dykk alle eit velsigna nytt år og takke for dei mange kjekke kommentarane i det gamle!


 

Nyårsbordet i år er enklaste sort. Med vårlege tulipanar og papirstjerner helser me det nye året velkomen..

 

Kalkunen er i ovnen og boblene kviler i kjøleskåpet...

 

Godt Nytt År!

torsdag 29. desember 2011

Romjul.....

Eg forstår eg har forhasta meg...

   
   
   

..sjølv om juletreet for ut i dag, held eg enno på den gode romjulskjensla....

Vårlengt...

 

..sola har snudd...da è no ei trøyst :)

onsdag 28. desember 2011

...jolastemning...

Eg må innrømma for fyrste gong på så lenge eg kan hugsa...jolastemningen min er borte. Eg gler meg til å kasta ut julatreet, eit skjorareir eg aldri vart heilt fortruleg med. Ute er bakkane grøne og gradestokken viser nesten 10 pluss... No les eg hageblad og gler meg til våren...

  

At nyåret ligg rett rundt hjørna med askese og gode intensjona gjer meg tilfreds. Berre nokre få dagar att til å velta seg i maksimalisme og overflod. Best å hengja i, fins framleis sjokolade og krem i kjøleskåpet eg må eta opp... ;)
..framleis God Jul!

tirsdag 27. desember 2011

Ruskaver..

I dag baksa eg meg på arbeid der ingenting var på stell. Verken internett, intern nett, telefon eller mobildekning var å oppdriva. Datamaskina stod der som ei verfast øy og var av den grunn nesten ubrukeleg. Nedover langs dalen låg den eine grana etter den andra i grøftekanten, gjerne insurra i telefonledningar og anna rask. Julegrana på jobb hadde teke helg med heile lysstasen på. Dei neste åra vert det nok ei bjørk som må får æra å vera julagran i mangel på noko betre. Dagmar kan vel seiast å ha vore dødeleg for grantrea i dalen...



..ellers er det også litt stille her.....etter stormen...



..sjølv om eg har begynt å tenkja på våren, reknar eg med at snjoen snart kjem att....

mandag 26. desember 2011

..Dagmar...

Då for jolegjestane.  Dagmar skapte herleg jolastemning inne i går, med tusen jolalys og brettspel langt uti nattetimane då straumen forlet oss i timasvis. Ute gjekk det hardare for seg. Fuglane var litt frynsete i fjørprakten dar dei sat og fraus i dag tidleg..



..både jolasnjo og jolastemning har blåse på havet her på Vestlandet i natt...

fredag 23. desember 2011

Jolagjestane er komne...

Eg vil nytta høvet til å ynskje dykk alle ei velsigna jol.

Bileta i dag er frå kriseinprovisajon av bordpynt sidan det brått gjekk opp for meg i dag at duk og pynt til julebordet heilt hadde vorte bortgløymd. So då vert da enkelt, restar frå innpakkingspynten funkar fint på jolabordet det også.

 
 

Verre er det med joladuken. Den ligg i botnen av "skal-strykast-ein-gong-i-framtida-korga". Kanskje lika greitt å vaske den på ny og leggje den på slik halvvåt .. ;)

God jol!

torsdag 22. desember 2011

..svart senker natten seg...

 

...ja, sit no her eg, og kan ikkje anna.  Kadl'n okkuperer TV-en med ein veldig viktig fotballkamp. Alle fotballkampar er viktige, seier sonen vetlevaksen....

Bakedagen...

I dag vart den store kjøkkendagen. Til venninegåver vert det i år eksklusiv bakst. Og med eksklusiv meiner oppskrifter som innheld skålding(smutting) av mandlar. Her snakkar me verdifulle kaker, sidan eg har brukt det mest verdifulle eg har, tid....

 
 

Vaniljekrinsane hadde tatt litt for mykje "møllers tran", men om forma var i største laget, var smaken framleis god. Peparkakehuset er klar til pynting i morgon ( ja veit me er litt seine) so no legg kjøkkenskrivaren ned sleiva og tek kveld.

God vetle-vetle julaftan!

onsdag 21. desember 2011

Mission Impossible..

Eg hadde eit viktig oppdrag på fridagen min i dag. Ein jobb som måtte gjennomførast utan noko dilldall.
Det var å rydde og vaske i kjølehjørnet og i spiskammerset. Av heilt uforståelege grunna fann eg meg sjølv i staden i skogen med jolapynt og kamera i sekken, på jakt etter eit lite pyntetre til loftstova.

 
 

Eg fann eit lite og sjarmerande tre som eg lånte med meg heim. Skal setje det på plass att så snart jola er over. Og spiskammerset, ja da har eg frameis att, og her sit eg...mission impossible...Ò arbeidslyst kom treng deg inn, her skal du motstand finne!

I dag pyntar me Modalsgrana

...kan vel innrømme at me fort kom i beit for greiner å henge pynten på..

 

..men husdyret tykte jul er fantastisk og har ikkje hatt det så kjekt på lenge...

tirsdag 20. desember 2011

Glimt...

Kronprinesessena og andre bloggarar har laga slike flotte moodboards som gjer i allefall meg glad :)
Eg tenkte eg skulle prøva eg og, men kom fort til kort der. I staden vert det nokre glimt frå laurdagens fotoshoot.

   
   

...ikkje så lett å halde fokus når to kongler driv med usømelege ting i vinduskarmen...

Ha ein fortreffeleg tirsdag!