torsdag 31. mai 2012

Lys....

 

..og markblomer.... gjev sommar...

Heilt Nikon!

Fabelaktive Fabelaktiv har ei utfordring når det gjeld kamera. Og sidan eg har kamera og er ein sukker for utfordringar so slengje eg meg med.

Eg starta opp med eit Olympus kompaktkamera for ein skokk med år tilbake. Eg elska det kameraet og nedturen var stor då eg fekk eit speilrefleks (digital) Olympuskameraet i hende. Skit!

Så då var det fingen i lufta og fingeren havna her:



..eg las nokre testar og Nikon og Canon var liksom slik 50-50, so her har tilfeldet råda. Eg veit at folk på begge sider vi sei eg er heilt på jordet, men som dei seie..da e ikkje komfyren som avgjer om maten du lagar vert god...sjølv om det sjølvsagt kan hjelpa på.

Eg ødela objektivet fyrste dagen då eg ikkje festa kameraet godt nok på stativet. Likavel har eg baksa på i fleire år med orginalutstyret, heilt til eg tidleg i år kjøpte meg to nye objektiv. Eit 50mm og eit 35mm. Sistnevnte er favoritten og det står nesten alltid på.

Eg brukar kameraet også til film, sjølv om det vert eit ustabilt og litt vinglete resultat :D




 ..eg ser at verda har gått vidare og at eit D90 alt er litt utgått på dato, men eg vert her med min "lest" ei stund til tenkjer eg meg.....





Eg og mitt Nikon D90...på jakt etter lyset...

onsdag 30. mai 2012

...det blømer i hagen..

 

..tenk om det vart kirsebær på ordentleg i år...her illustrert med moreller... :D

Sol ute...

... sol inne...

 

...veldig lite skjer på innefronten for tida... den "åkeren" har eg lagt brakk i sommar... no er det ute som er det nye inne... som ein so tåssje kan få seg til å sei da... :D

tirsdag 29. mai 2012

..aldri so gale...

..at det ikkje er godt for noko...

 

..då eg iført mi nye "ikkje-riste-for-mykje-på flesket" sykkelbuksa mi skulle slenge meg på sykkelen i sju-tida i dag morges, var bakhjulet flatt.

 

..etter ein kopp kaffi og resten av familien på beina kom det fram at begge ungane måtte ta ein heimedag i dag. Overgangen frå sommar til vinter i går hadde sett sine spor...og mor måtte vere heime med dei..

 

..og fekk ete frukost på terassen....i nordavind...

mandag 28. mai 2012

Knappen...

..onsdagen fann me ein liten kattunge på terassen.



Den ropte og skalv, var tynn og skral og har tydeleg vore aleina ei stund. Pusen er nok 5 - 6 veker gamal og altfor liten til å vere aleine i den store skogen



..... slek fekk me oss katt....



...for kem kan motstå slike auge....

fredag 25. mai 2012

...er det ikkje rart...

Er det ikkje rart at når me om sommaren et ute, eller når me et ute slik heilt på generell basis..då kan me eta nesten ka so helst og seia at da va fantastisk godt.

 

Ta grilling for eksempel. Svidd til det ugjenkjennelege med marianadar frå ei anna verd...

 

...MMMMMMMMMMMM... herleg!

Ville katta og ville blomar..

 ..berre ein stemningsrapport frå landet. Me fann ein villkattunge på terassen. No er den temd og minsto har erklært at ho allereie elskar han...

 
Han eller kanskje ho, har fått navnet Knappen......God fredag!

torsdag 24. mai 2012

Lurt?

...lurt trill rundt, eller berre heilt tutlete?  I dei siste åra har eg arbeidd litt ekstra med å fjerne gult frå bedda mine, for å få ein meir eins tone over blomstringa. At eg skulle ha kjøpt gule tulipanløk ser eg på som ganske urealistisk.

 
Likavel blømer det gult mellom tulipanane i år. Eg trur kanskje at det inni pakkene ikkje kan ha stemt med bileta utanpå.

 

..men eg har det same probleme med blomsterertene mine. Eg sådde nokre få sukkererter og masse blomstererter...eller det var det eg trudde....no blømer uhorvelege mengder..sukkererter...

onsdag 23. mai 2012

Sommar!

 



..ugras..

Sjølv om det er fullsprungen sumar her i dag, heng ikkje naturen og kalendaren heilt med. Ingen roser blømer og dei vanlegaste engblomene er enno ikkje i blomst. Men det går fint å pynte med ugras og, i allefall når ugraset er surstilk, forgelemmegei, marikåpe og karse eller Tråppeblom som me kallar det. Fordi den vaks utpå "Tråppo" som er eit kallenavn på ein gard i Hakkadalen.

 

Kven har vel ikkje som barn plukka vårens vakraste bukett og vorte bittelitt skuffa over at mor ikkje vart so glad som forventa då ho såg neven med engkarse? Eg har i allefall det. Og er oppvaksen med å sjå litt ned på den, der den overtek heile hagen om du let han. I dag gjev eg den ein ny sjangse. I lag med noko avblomstra rosa margaritt og litt syrestilk syns eg den vart veldig vakker.

 
Kransar er i det heile kjekt å lage. Desverre er levetida like kort som venskapen er stor. Det som kan hjelpe på er å leggje dei på eit fat med vatn i eller i ei bøtte med vatn om natta. Då strekkjer ein livet deira bittelitt lengre.

 

.... herleg sumar!


tirsdag 22. mai 2012

..me gjev oss ikkje...heimelaga vaniljesaus...

Pavlovaværet er ikkje forsvunne så her kjem resten av oppskrifta.
 

Veldig mange er nøgde med litt krem på pavlovaen før ein hive på friske bær. Då bør bæra vere friske og gjerne litt syrlege her som rips og bringebær m.m. Men har ein no fyrst laga supermarengsen så sit ein no der med 3 store eggeplommer og dei passar perfekt i ein vaniljesaus.

 

Du tek 3 dl. kremfløyte i ei panna og legg opp i ei delt vaniljestang. Del den i to på langs og skrap ut dei frøa du kjem til og ha dei oppi saman med resten. Kok dette opp. Rør 3 ss sukker saman med eggeplommene og hell litt av den kokande fløyten opp i denne blanninga mens du røre. Hell blandinga tilbake i resten av fløyten men du rører godt. Gjev sausen eit oppkok og ta ut vaniljestanga.

Eg veit nokre tilset maisenna for å få ein tjukkare saus. Ein kan vel også kanskje bruke eggeplommene til tjukning om ein varmar over lang tid med intens røring som når ein lagar Lemon Curd bl.a.

Eg kjøler sausen når eg skal bruke den til marengs og blandar i piska krem. Halvt om halvt sirka.
Kremen vert litt blaut så det passar flott med porsjonar, eller kan det renne litt ut på ei stor pavlova.

 

Til denne kremen passar bær som jordbær og blåbær veldig godt. Mmmmmm sommar!

mandag 21. mai 2012

..so ein knapt kan anda...

Med finaveret kom viljen te å sykla på arbeid. Motivasjonen om morgonen kan vera vanskeleg å leita fram sidan eg startar dagen med 1 mil med oppoverbakke. Heimatt-turen er då sjølvsagt 1 mil nedoverbakke. Og i sol som i dag, so vakker at eg knapt kan anda...



Eg har kameraet i sekken, men det er ikkje ofte eg stoppar opp og tek bilete. Det bryt opp den fine flowen ein får der ein trillar roleg nodover hakkadalen... eit lite stykkje Norge....me è no rikeleg velsigna med desse fine dagane...sjå til å bruk dei på kjekke ting!

Supermarengs...

 

...i går lovde eg dykk oppskrifta på noko eg betegna som supermarengs. I dag må eg innrømma at da va eit litt frekt markedsføringstriks for å fange merksemda di. Men at marengsen er god er der ingen tvil om.

Marengs er ikkje noko hokus pokus å lage og opskriftene er mange, men varierer over ein ganske bankers lest. Eggekviter og sukker eller melis. Alt utanom dette kan variere litt. Mi oppskrift er slik litt på rus og må takast for det den er...på rus :D

 

3 store romtempererte eggekviter, pittelitt eddik, 1 ss maisenna, 2 ts vaniljesukker, 2 ss kokande vatn og 2,5 dl sukker.
Nokre puttar alt i på ein gong og vispar i veg til superstiv og glansfull "marengs", andre begynner smått med eggekvitene og fyller på med resten litt etter litt. Eg har gjort begge delar utan at eg har klart å finne noko verifisert ulikskap.

Eg har denne gongen laga store pikekyss som eg seinare skal ha vaniljekrem og bær på. Akkurat passeleg for ein porsjon.
Marengsen går i ovnen på 175 grader i 10 min og så 10 min til på 150 grader. Lager eg til ein stor pavlova har eg marengsen i ovnen på 175 i 10 min og etterpå på 150 i 50 min. Dette må ein føle seg fram med alt etter ovn og dagsform tenkjer eg.  Lukka til!

søndag 20. mai 2012

Feiring....

Øyeblikket.net si utfording denne gongen er "feiring". Eg har lagt merke til at det kan vere på sin plass å ha med menneske på øyeblikk-bilda. Men i dag er det knapt med tid. Konkurransen stengjer om litt, så mitt bidrag vert henta fra Porsjonspavlova-prosjektet som tok "sigeren heim" på familiegrillfesten i dag.



..vert fort ein fest og ei feiring når slike godsaker kjem på bordet....for her snakkar ein heimalaga vaniljesaus og supermarengs... oppskrifter kjem i eit seinare innlegg...