tirsdag 31. juli 2012

Hagen I


Planlegg å prensentere litt av hagens blomer slik litt etter litt, slik at dei får sin plass..
I dag er det tida for Pyntekorg og hjortetråkk
Pyntekorg er kanskje ein av mine store favoritter når det gjeld sommarblomar og hjortetråkket er no berre hjorten si ruta gjennom hagen vår...

lørdag 28. juli 2012

...on the bright side...


Eg har begynt å jogga. For fyrste gong på 15 år. Dei nye naboane våre kan no observera artige fenomen. Når den spreke nabodamo mi fer av gårde i treningsklè, hovudtelefonar og joggesko for så å komma att etter nesten to tima, svett, sliten og glad...tenkje dei sikkert...SPORTY!

Når eg fer av gårde i same stil og kjem att etter 7 minutta, lika svett, sliten og glad....då tenkje dei heilt sikkert...

... EFFEKTIVITET!

...og bildena har sjølvsagt noko med alt dette å gjere....

torsdag 26. juli 2012

Revabjødle



.. desse gjer seg utruleg godt i hagen om dei enn er giftige.... har ein små born bør ein sjølvsagt ikkje ha dei over alt. Sidan desse er toårige må eg så nye i haust for å få blom på dei til neste år... 

onsdag 25. juli 2012

Positive tankar og positive ord...


og det positive gror?

Nokre gonger kjenner ein seg litt uinspiret for å sei det slik. Har fått med meg at diskusjonen har gje høgt og lågt i det offentlege rom om det er bra eller ikkje bra, at alt er så positivt og lett i mammabloggverda, eller i interiør- og kvardagsbloggverda for den saks skuld. Og ja da e bra så lenge det og er rom for det motsette, men da kan verta litt overveldande når ein har bladd seg gjennom ein titals bloggar (fordi ein likar det) og alt er lukka, sol og venleik og så reiser ein seg frå stolen og ser seg rundt i eigen heim..... då hender det at ein kjenner at ein kjem til kort, ein titalsgonger meir  enn om ein berre besøkte ei veldig vellukka venninda... Og då kan ein kanskje berre "ha det så godt" , for at ein las alle dei bloggane.. (i staden for å rydda?)... eller me berre skal stikka fingeren i jorda og  innsjå at det å komme til kort i våre forventningar til oss sjølv er ein del av livet...

Då er ordtaket " Det gjeld å leggje lista så HØGT at ein kan gå UNDER med RAK RYKK" på sin plass tenkjer eg...

søndag 22. juli 2012

..helgatur østom...

Som de ser hadde me ein grunn. Ein vestlending fer no ikkje øve fjellet  i tide og utide slik heilt utan grunn, da seie no seg sjølv. Og nokre stader klarte eg ikkje sjå skogen for berre tre. Men for det meste må eg sei...

    
   
    
..at ette da eg såg, so è da ein herleg kant av landet som eg kan tenkja meg å sjå meir av..

torsdag 19. juli 2012

..that summer feeling...

   
   
  

onsdag 18. juli 2012

..hagen..

 

Eit lite glimt inn i deler av hagen. De får orsaka virringa med kameraet og gjenngangande musikk... har ikkje fått meg til å komponere eigne stykkje enno slik at YT ikkje slettar musikken...så då får det verte som det vart :D

tirsdag 17. juli 2012

..morplemuffins...

..for å trøyste meg sjølv litt for at eg ikkje har ferie og ikkje har fint ver...bakar eg litt. Da e ikkje bra for meg anna enn da meditativa...men skal ikkje kimsa tå yin og yang....so i present: eplemuffins med moreller...



Morpelmuffins med ostekrem. Morellene hadde same kilopris som reker for tida, og det kan eg forstå. Mitt morellebærtre gjev i år ei enorm avling. Heile 1 stk. morella om ikkje trasta tek ho....

mandag 16. juli 2012

..romantikken er ikkje daud...

I alle fall ikkje hjå meg ser det ut... Likar veldig godt industristilen... men ender vist opp i romantikken uansett kva eg gjer..


Kanskje like greitt sidan eg ikkje er ein fattig kunstnar eller student med begrensa midler som må leige eit gamalt produksjonslokale og vere kreativ med interiøret av tvingande grunna... og litt ironisk er det at dagens råe industristil faktisk er ei romantisk greie der ein kjøper seg "duften" av eit liv ein overhode ikkje har....

søndag 15. juli 2012

Bondebønner...

Har aldri dyrka dei før, men gler meg til å lage mat med dei...

Har du noko erfaring tek eg gjerne mot tips og gode oppskrifter...

lørdag 14. juli 2012

..lukta på landet...

..er til vanleg slik heilt flott. Men innimellom må bøndene tømme møkahusa sine for både eitt og hitt. Me leve med da fø da om da kan verta lange daga. Eg kjefta og smelte på katten lenge før eg forstod at da va bonden som stod bak skitlukta i heile huset...so eg har tatt opp kampen med skjærsmin og roser...



Begge blomane måtte eg hente i mor mi sin hage for dei blømer ikkje i år i min. Kanskje om eg ber bonden om litt råvarer frå møkakjellaren, vert det duftblomer på meg og til neste år. Skjønt skjærsminen likar det heller magert..

torsdag 12. juli 2012

..noko må gjerast..

I fjor malte eg loftstova med golv og tak og heile sulamitten. Arbeidsplassen til meg og mannen der oppe vart laga slik midlertidig. Einaste plassen i huset me har plass til arbeidsplass er bortunder skråtaket...på andre sida av tv-stova.


Problemet er at når ein treng to skjermar så vert det for liten plass når ein sit slik ut i rommet. I år er målet å lage eit arbeidsbord på langs av skråtaket. Utfordringa er at det må vere veldig breitt sidan dataskjermar stikk ein 30 - 40 cm opp. Planenen er å bruke plank og bukkane me allereie har frå IKEA.


..men plan er ein ting og at ting ikkje gjer seg sjølv er i allefall sant....