lørdag 13. oktober 2012

Ikkje akkurat politisk korrekt


På torsdag kjøpte eg meg ein "etnisk" pute som ein også på fint kan kalle det. Den fell inn i trenda som starta med ulv og elg, tok ein sving innom innuittane og som no har rent seg fast ned i Afrika ein stad. Same dag fekk eg tigga meg til nokre boksar frå mor mi. Dei har eg vakse opp med og laga mykje kaffi frå. Dolce & Gabbana si kolleksjon for 2013 med afrikansk-inspirerte «Blackamoors» -figurer har møtt stor motstand og har vorte beskylda for rasisme. Eg er usikker på kvar grensa går.


Den tida desse kaffi- og kakaoboksane vart laga her til lands, var nok syntet på afrikanarar ganske så steriotypt og sikkert også delvis rasistisk. Sjølv om illustrasjonane nok gjenngjev ein realitet som er korrekt er eg faktisk litt usikker på kva eg tykkjer om dei slik reint etisk. I 2012 bør vi vel kanskje vite litt betre?
Kva tankar har du rundt slikt?

1 kommentar:

  1. Det er rett og slett vanskelig... Huskar Black Boy krydderet, og songen til Nora Brockstedt om den vesle negergutten Hoah eller Noah eller noko slikt. Svigerinna mi hadde ei bok om 10 små negerbarn, denne er overhodet ikkje å oppdriva. Det som er vanskelig er rett og slett kva som er politisk korrekt å seia...? På skulen der ungane går er det heldigvis eit fargerikt fellesskap, og når ungane skal skilja mellom to med samme namn så blir det fort "han brune" eller "han med kvitt hår". Så enkelt kan det vel gjerast, eller??

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.