lørdag 10. november 2012

Farsdag

Her er eit lite utval som eg trur kunne falle mannen i huset i smak. Kjøkkenhandkledet er ikkje tenkt som kjøkkenhandkle, men som  regelmessig synstest. Slik kan man kanskje unngå å kjøpe kikersiktet til 16 000, for det vert ikkje billig hjortekjøt når jaktutstyret har ein slik prislapp.


Egget kunne me nok tenkt oss begge to utan at det nokon gong vert ein realitet. Men det er lov å drøyme, for vakker er den.

No er mannen heldigvis ikkje min far og mitt hovudbry i morgon :D for der er den oppveksande slekta i sving.... min far har nok litt andre ynskjer. Som litt fri kan eg tenkje meg, litt kremkake og fin musikk....og skulle du lese her far, "Gratulerer med farsdagen!"


1 kommentar:

  1. Flotte gåver!
    Pappaen her i huset får ny mobil, kake og blomster.
    Ingen fare å skrive det her for eg trur ikkje han les så mange bloggar ;-) Men kven veit?

    Nyt farsdagen!

    klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.