tirsdag 30. desember 2014

So fort da gjekk

J AN U A R



F E B R U A R



M A R S



A P R I L




M A I



J U N I




J U L I



A U G U S T



S E P T E M B E R



O K T O B E R



N O V E M B E R



D E S E M B E R


og no må ein baksa seg te å oppsummera tanka og drauma
so vart og so ikkje vart
og nye tanka
skal formast
for året som kjem.
Kanskje best å tenkje minst mogeleg
og kjenna desto meir
kem veit?
i allefall ikkje eg...

mandag 29. desember 2014

Nokre få dagar


...og minst 50 000 kaloriar seinare...

det har vore ei flott jul
eg har roa ned
eg let meg ikkje presse av burde-burde
og skulle-skulle
difor så få innlegg på bloggen
kjem plutseleg att
med 
ein juleraposdi
men nett no
er det jobb



ynskjer deg framleis
ei god
jul

onsdag 24. desember 2014

God Jul!







tirsdag 23. desember 2014

Da gjer 'kje seg sjølv


 

Da begynna å jula seg her og
men i motsetning til bardommens jul
so gjer da 'kje seg sjølv


 

ein dag att og tempoet er sett ned
ikkje for at da e lite att å gjera
men fø at da skal kjennast som jul for alle
at ungane har ei blid mor i stadenfor eit monster
so gaula og hytta
inni sitt sjette eller sjuande slag


berre fø å fjerna litt komlevåg
som ingen ser uansett
so sånn e da
her feira me jul
med hybelkanina og alt
framleis
i livet..
God vetlajulafta te deg!

onsdag 17. desember 2014

Siste skanse

 

Ei veka att te jul
jammen er det mykje so står att
mest på jobb
desverre


drøymde om fri i jula
men da ser dårleg ut
som da gjer kvar jul



da e ulempa med å vera siste skanse
i nokre typa prosjekt
ein set ofta att når hine tek ferie


da einaste ein kan sei om da
è vel eigentleg:
"suck it up"
:D
(bilda e tå julepynten te "fuglane" på terassen)

mandag 15. desember 2014

Problematisk fuglematar


 

Eg likar godt å mate fuglane
og det har aldri vore så mange som i år
dei et lett solsikkefrø for ein hundrings på eit par dagar
så matlysten kan ein vel ikkje klage på
men som de ser på bildet under
den eine mataren får vere heilt i fred


eg strevar med å finne fine og gode fuglematarar
eg har kjøpt mange forskjellige konstruksjonar og design
men felles for nesten alle
patenten ikkje heilt i tetsjiktet
i dei fleste matarane vert mykje av frøa liggjande att å mygle
fuglane får ikkje tak i dei
som det svarte huset over
når det vert fuktig i veret stoppar den heilt opp
og fuglane får ikkje ut noko som helst


kan vel ikkje sei at min eigen konstruksjon er noko bedre
litt mildvær og heile stasen sklir ut av koppen
så eg kryssar fingrane for kulde og snjo
her var det nauda som lærte kvinna å spinna
var tom for muffinsformer og kieramikkpotter i passande størrelse



 nokon som kan tipse om gode fuglematarar
eller må eg byggje meg ein sjølv?
:D



søndag 14. desember 2014

Sein sundag



So var det vorten tredje sundag i advent att
ska sei tida fer fort desse dagane
må få nevna at peparkakebryggja vår stakk av med ein fin premie
i peparkakebydarrangementet i Hakkadalen på laurdag
då va me stolte og glade
og litt trøtte
:D


ellers så driv eg å tenkje litt på juletre
juletre er ein spire te bal
og høglytt diskusjon
kvart einaste år
og 2014 er intet unnatak

torsdag 11. desember 2014

Peparkakebryggje


 

endeleg ferdig med storprosjektet
Mobryggja i peparkakeversjon


da va aldri mitt prosjekt
da va dattra og EKTEmannen sitt
men eg har sett mindre og mindre av begge to etterkvart som prosjektet skrei fram


da e te den lokale paparkakebygda
og er ein lausleg kopi tå eit eksisterande bygg i bygda


onsdag 10. desember 2014

Klok av skade

 

å kalle meg ein interiørbloggar er vel å dra det litt langt
men det har heilt klart vore eit tema i heimen
sidan ein av ungane kjem heim
med jolapynt laga på jolaverkstad


og klaskar pynten bestemt ned på bordet med dette klåre utsagnet:
Denne engelen har eg laga og eg forventar at den skal stå framme!

med til historia høyre det at den er nesten halvmeteren høg
og laga av gamle reklameblader


tirsdag 9. desember 2014

Byggmeisteren


Då var grunnarbeidet gjort
da va da letta
eg likar "Hans og Grete-peparkakehus" som de sikkert kan sjå
spinkle husmannsplasshus  med eit tynt lag melis 
er nok dekorative nok i interiøret, men lite barneetevennlege
så her lesse me på med snurlar og pastellar
..men no gjennstår monteringa


limpistol er veldig freistande
men so uappetitleg at den får liggja
ein limpistol med karamell hadde vore noko
som Emmeline foreslo
men te dess får brent barn
svi seg litt i år og
det er her fiaskopotensialet
sler inn for fullt
den som lever får sjå...

søndag 7. desember 2014

Pynte med planter


Eg har faktisk tenkt at vinnarbildet var posta for lenge sidan
utan å nevne navn kan eg no sei at det innheld sviblar, mose, ein gamal matboks og litt julegløgg..
men ein treng jo ikkje delta for å vinne
så eg kastar meg med i siste liten


og huset mitt er fullt av planter
som ellers i året
for meg vert det ikkje julestemning
utan blomer



det vert faktisk ingen stemning
utan blomer



og nokre gonger må borna sin julepynt også få vere med


og sidan det er andre sundag i advent
får ein vel ta med det også


..fortsett fin sundag!