tirsdag 29. april 2014

Dompap


ja, ja sjølvsagt Bente, er det ein dompap og ikkje ein bokfink
sku nesten tru eg var ein eg og :D




mandag 28. april 2014

Tråppeblom

 

Me kalla denne blomen tråppeblom då eg vaks opp
den var eit ugras ein helst ikkje ville ha i plenen
det vaks mykje av dei ein stad me kalla tråppo
slik vart det tråppeblom
ikkje meir fansy enn da eigentleg
:D

søndag 27. april 2014

Landsbygd

 

Bønder i full fres er noko tå da flottaste eg veit
håpa dei  ikkje vert utrydningstrua dei neste fire år..
sikkert noko bokfinken uroar seg for og :D



lørdag 26. april 2014

Våronn


  

I dag har eg hatt ein fin dag i hagen
medan EKTEmannen hadde ei større nedsmelting på IKEA
me skal gjere nokre grep på vaskerommet

 

er litt uvisst kor det kjem te å ende
kem so fallere fyst
me eller IKEA
eg held ein knapp på fystnemde..

fredag 25. april 2014

Kveldssol i bakken


Da gjeld å nyta kver einaste høve
ein veit aller kor lenge da vare
slik so med oss vestlendinga
og finaverèt

torsdag 24. april 2014

Katten i tunet

 

Ja ka skal ein sei
te og med eg er litt lei alle blomebildene
so no får de ein katt
Nåken meina katta e heilt unyttige
og mest i vegen
eg syns den er med
å skape 
ein heim

onsdag 23. april 2014

Vårblomen


Då eg var lita borga kvitveisen for at våren var komen
Eg har ikkje tal på kor mange bomturar eg gjekk i frostkvite morgonar
i april og mai
på leit etter denne vakre blomen


og dei var ikkje mange og dei var ikkje store før dei vart plukka heim
og sett på bordet
det ulitmate beviset på at våren
var i emning


I år er kvitveisen allereie på hell i april
måtte fange nokre siste bilder av den i går kveld
God onsdag og god vår


tirsdag 22. april 2014

Pote


Då va påska over
og våren har fått fotfeste
i eggekartongen bak kvitveisen finn du ikkje egg
men setjepote
klart te å komma seg i jorda...


Nydeleg kvitmandel te å servera
te neste julemiddag
hu hei kor tida flyg...

mandag 21. april 2014

Siste påskedag..


 

Siste dag med frukost i sola
før alle dei andre har rese opp


Siste påskedag som EKTEmannen kalte den..

søndag 20. april 2014

Foggelen veit..


Grøne fingra og slikt



Eg è litt lei av å konstatera kvar einaste vår
at storparten tå alt eg planta i fjor
aldri får sjå i år
og pengane eg brukte
ja de vei kor eg kunne ha turka meg med dei likagodt


eg har ikkje grøne fingra i da heila
eg har ikkje naturen på mi sida heller
her er vintrane vonde for plantar og veldig varierande
so da so øveleve ein type vinter
stryk med neste
om da e frost
snjo
 vind
pissetrengte hannhunda
elle regn
so e problemet


og bomkjøpet mitt so eg tidlegare har nevnt
hadde eg blingsa på
og hadde sone 1-3
her må du ha 5 og helst meir enn da
so da skamdyra prydkirsebærtreet vert som ein sommarblom å rekna..


men heldigvis kjenne eg nokon som har grøne fingra og vel so da
heime hjå mor finn eg alltid nye og velstelte planta
so må prøva lukka
hjå meg
stakkars...
:D

fredag 18. april 2014

Stille morgon


Då eg la jentungen om kvelden og lurte på om ho var nøgd 
med dei fine morgonane og dei langsame frukostane med har hatt no i påska
svara ho kort og litt snurt
om eg kunne vere so vennleg å ikkje vekke henne og alle dei andre
før minst klokka halv elleve

 

og ja sjølv om eg skvatt litt so tenkte eg no at dei skulle få fred
og når sola skein inn i senga mi klokka halv åtta i dag
kunne eg ikkje anna enn stå opp
og ete frukost aleine
Fyrte til og med opp eit lys ein av ungane har laga te jul (derav fargen)
herleg stemning i sola



Ustyla


Ikkje så langt unna perfekt pynta påskeegg
natur- eller kobberfarga nips
vakre blømande greine med ferskenblomst
og lekkert snop i nyinnkjøpte/sponsa "kubus bowl"
kanskje på same hylle tilogmed
trur eg da fins mange slike
skattar
som snart vert dyrebare minne 
frå ei tid som gjekk so altfor fort




torsdag 17. april 2014

Regn


 

Regn kan vere ganske kjedeleg
men skal ein plante noko kjem det godt med

 

so i dag fekk me planta
bomkjøpet mitt frå Plantasjen (meir om det seinare)
trygt i jorda før sola dei har lova oss,  tek til å varme for mykje

onsdag 16. april 2014

God påske




tirsdag 15. april 2014

Ei perla


Frifrukost


 

Noko av da kjekkaste med å ha fri
er å kunne ete frukost sakte
  

her eit lite utsnitt av dagens enkle
og  heller usminka frukostbord
for i dag skal da berre latast..

mandag 14. april 2014

Det er den draumen


Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

- Olav H. Hauge -



søndag 13. april 2014

Glashus



i dag har eg stressa ned i drivhuset
etter ein heller omfattande nedsmelting på IKEA i går

 

Eg og IKEA går berre ikkje i hop


men då me kom oss te Plantasjen
vart tone ein anna


sånn e da berre...