torsdag 31. juli 2014

Herlege juli 2014

  












Himmel og hav


for ein flott sommar me har hatt i år
men no regnar det her hjå oss
det er godt
og litt irriterande..
Da e løye kor lett ein kan vende seg til fint ver
heilt utruleg eigentleg
med tanke på at ein har vore vestlending
i øve 40 år..

tirsdag 29. juli 2014

Blomer som blømer


 

og bading i elv
vert ikkje betre enn det



mandag 28. juli 2014

Rips



I år snopa eg meg to tre med kvit rips


då bæra modnast no i juli viste det seg at eit av dei
nok var raud rips likevel
er vel litt seint å klage til leverandøren :D
Her ser de nesten heile avlinga frå kvitripstreet
i debutsesongen



søndag 27. juli 2014

God sundagskveld

 

Ei hagerose, så vakker, så vakker
helsar dykk god sundagskveld

Ventar på storfisken


eller kanskje denne sommaren faktisk er sjølvaste storfangsten?
Men det tek på å bade kvar dag for gamle dame
og verst er kanskje dei dagane ein ikkje kom seg i elva
då er det som ein stranda kval som pesar på terassen
ute av stand til noko kreativt
difor så stille på bloggen
fotoapparatet har vore lite brukt til anna enn arbeid
reknar med det tek seg opp med haust og sopp og skog
og alt slikt anna kjekt som ligg framfor oss
om veret tillet det
og det ser det no verkeleg ut til å gjera
Fortsett fin sumar til dykk alle!




mandag 21. juli 2014

Sånn går no dagan

 

Dei siste dagane har vore prega av herleg sommarvèr og mykje bading
både til støls og til sjøs



lørdag 19. juli 2014

Terasseliv


Finaste sommaren nokon sinne
opnar for lange og dorske kveldar
på terassen


fredag 18. juli 2014

Ti sprokne morelle



è alt eg har å by på i dag


onsdag 16. juli 2014

Bærsesong


No er bærsesongen over oss
det er berre å plukke og ete
sylte og foredla
samla te vinteren
når me treng både farga og vitamina

tirsdag 15. juli 2014

Litt slitt


Finaste sommaren eg kan minnast
men og den travlaste
jammen godt det er ferie
Ikkje alle dagar eg orkar ta bilder
så då vert det kanskje litt kjedelege innlegg
men dei er både kortreiste
og fulle av gjennbruk
må no vere bra det og
:D

her frå hasselnøttlikør
in the making





mandag 14. juli 2014

Rosenes tid


 

søndag 13. juli 2014

Poesi


Eit bilete
er jo også eit språk
akkarat dette kan du lese
nett so du vil

onsdag 9. juli 2014

Inne


Hasselnøtter



mandag 7. juli 2014

Roseportal


 Ein mild vinter har gjort at rosene mine er fine i år
spesielt Lykkefunn blømer rikt 


men alle mine roser er roser som berre blømer ein gong kvar sommar, 
nokre vakre små veker viser dei seg i all sin prakt
så er det over
og eg må vente eit år til neste gong