søndag 31. august 2014

Festleg


Det er trave dagar for tida
gode hendingar og ditto festar står i kø
det er nesten so ein ikkje har tid til kvardagar lengre
men pytt, kjem vel tidsnok dei og
for i morgon er det jo vitterlig mandag..

torsdag 28. august 2014

Ei lita løva i hagen


ser du katten din djupt inni augene
ser du fort kva slektninga den har i varmare strøk
hjelpes...glad min er mindre enn meg :D


..for når du leikar med katten
kven veit om ikkje det er katten
som leikar med deg...

onsdag 27. august 2014

Ryddetid


etter snart fire veker med innffektiv høgrearm
har rote vakse meg over hovudet
verst er det i hagen
og i drivhuset

 

so i dag var det på tide med litt venstrehandsarbeid
ute


supert ver gjorde arbeidet lettare
heiv ut gamle agurk og tomatplantar som berre var te bal
let nokre få stå att i lag med nokre augergineplantar
eg prøver å får mirakler tå

 


kom ikkje så langt
men lengre enn eg var før
og det er no ikkje lite berre det...

Haustmorgon?

 

I dag var det vakkert men kaldt ute
lyset seier at det er haust
lufta seier at det er haust
og då hjelper det nok ikkje
om eg påstår noko anna..


tirsdag 26. august 2014

Berre litt god stemning








på ein tirsdag..

mandag 25. august 2014

Vel overstått


Då va komfortsona utvida med nokre kilometer
vel overstått bryllupsfotodebut


gjorde noko bra
og nokre feil
som ellers i livet ....

fredag 22. august 2014

På djupt vatt'n


Tidlegare i sommar sa eg ja til å vere bryllupsfotograf


da va før eg braut handleddet og då eg trudde 
da umogeleg kunne komme regn
denne sommaren...
og no er da meld både regn og torden



men da er no berre å la det stå til
får leita etter godt lys i tåka
i beste fall får eg "hjelpeblitz"
og ei rosa er no ei rosa uansett ver
da sama gjeld vel også for brura..

torsdag 21. august 2014

Den soppen


tok meg ein tur på ein kjend soppstad i går
men nokon hadde vore der og renska den rein


einaste da va flust av var desse kvite, superskumle flugesoppane
dei et du IKKJE!


nokre dvaske kremle stod igjen


til og med den flott kantarellen eg hadde lete ste att sist gong eg var der,
fordi den vaks saman med ein veldig giftig ein,
var borte...
;)


onsdag 20. august 2014

Regntung onsdag

 

Her regnar det, tåka ligg langt ned i dalen
da e kaldt
og haust i  lufta
litt bale og litt fint

Ynskjer deg ein flott onsdag uansett ver :D

Vil også ynskje "willkommen" alle nye tyske lesarar eg har fått i det siste
takk til wohnlust for fin omtale.



tirsdag 19. august 2014

Det mørknar



om kveldane


på tide å tenne litt lys


mandag 18. august 2014

Speltbrød


Før tenkte eg at spelt va fø spesielt interesserte
men no har eg fått smaken på dette mjølet 
og leve frivillig i villlfarelsen om at det er så mykje sunnare
enn vanleg kveite
berre litt
men litt e nok te at  me nesten kvar dag har nybaka speltbrød
fins ikkje noko bedre enn nybaka brød


her skal de få ei superenkel oppskrift:

3 dl grov speltmjøl
6 dl sammalt fint speltmjøl
1 ts salt (1/2 går og fint)
3 ss god olivenolje
3 kvistar timaian (uten kvisten :)
1/2 ts sukker
ein god neve solsikkefrø om du likar det
50g gjær
kan fint bruke tørrgjær eller mindre mengde gjær om du hever litt lengre
3-4 dl lunka vatn

Rør gjæren ut i vatnet og tilsett all veske
Elt inn det tørre
hev ca 1 time
bak ut og etterhev ca 30 min
(eg får eit stort eller to mindre brød av denne deigen)
du kan leggje dei rett på brett eller bruke brødformer
eg legg dei rett på brettet for dette gjev steikeskorpe rundt heile brødet og det er det ungane mine likar
Sett på nederste rille i kald ovn
steik ca 50 min på 180 grader
(ovnar er ulike, her må du sjekke)
Når brødet lagar hul lyd når du dunkar på det, er det ferdig
med nystekte kantarell eller nyrørt syltetøy ol smakar det fortreffeleg!


søndag 17. august 2014

Restefest


i August var eg so heldig å få flotte meg over fire sider i Bolig Drøm
i samband med det vart det baka og eksperimentert litt
for å komme opp med kjekke oppskrifter


ei oppskrift som ikkje kom seg med
var den glutenfrie smuldrepaien min, med bokkveite, jordbær og rabarbra
den oppskrifta skal de få hjå meg her seinare
for den har vorte min favoritt


Scones og jordbærsylte er heller ikkje å forakte
i frysen har eg no to heile kassar med heile frosne jordbær
til syltetøy og smoothies i vinter


Litt vemodig at den flotte sommaren er på hell
men hausten med alt den har å by på
er nesten endå betre
om ein legg frå seg å kvi seg
te vinteren..
for det gjer eg..
pittelitt..
bra eg har jordbær i frysen..

torsdag 14. august 2014

More is more, more or less...


Der alle tenke likt, vert svært lite tenkt
er eit utsagn eg har trykt til brystet ved oppte fleire høve
og sant nok
å ikkje evna finna på nåke so helst utan at nokon har gjort eller sagt det før deg
kan vere tegn på både da eina og da andra
da andra kanskje helst ei voldsom naud for aksept og det å tilhøyre eit definert felleskap
da har eg lang erfaring med og da er ikkje e nåke å kimsa tå


Å kjøpa kopia (her snakka me designerkopia og interiør) er eit uttrykk for dårleg smak, 
les eg i både glansa magasin og på nett
Ja, eller kort og godt eit uttrykk for dårleg råd eller god prioritering, tenkjer no eg
for takk og lov for gjennbruk og personleg kreativitet 
for skulle alle gjort som mange gjer, fylla huset med da so e inn for tida so hadde fleire enn eg
gje personleg konkurs lenge før me rakk å sitja inn alle Hay-stolane og retta opp alle Missoni-putane..


So strengt tatt har eg klart å motstå presset so langt, 
men so har ein prinsipp
og so har ein prinsipp
og då eg såg jubileumsvasen til Kahler klarte eg ikkje meir
den er ikkje billig, men heller ikkje så dyr
så bestillinga vart send
og for nokre dagar sidan
kom gullet


og sjølv om den sikkert burde stå på ei stringhylla
litt bleik med nokre eksotiske bomullsgreine i
attmed ein neve frå Hay
(so plutseleg og heilt uforvarande kan finna på å vise fing)
ikkje da, eg e fø slikt og
da e veldig flott faktisk
men fø dei so har lest bloggen min øve lengre tid
so har eg kome ut av villfarelsen og innsett at eg ikkje e nåke minimalist
eg klarar liksom aldri gje meg med å lessa på
farge og fest


So da eg eigentleg ville sei va vel
at ein aldri skal vera fø høg i hatten
eller var det pæro?
for at sjølv om eg lata so eg e so sjølvstendig
so er det alltids eit og to(tusen) unntak for regelen
so no sit eg og glisar i lag med tusenvis av andre eigarar
øve kor fin denne vasen var...


tirsdag 12. august 2014

Å kjenne lusa på gangen


eller "the bug in the hall"
Neida, her er det ikkje noko muffins
eg er so heldig at eg kom i finalen
Inn og sjå
og stem på ken de vil
:D

søndag 10. august 2014

Heimekontoret


Heimekontoret mitt har ikkje endra seg mykje sidan desse bilda vart tekne
for ei tid tilbake
tenkte å ta litt nye til denne månadens utfordring hjå NIB
men det brotne handleddet protesterte vilt
så det vert med gammalt nytt denne gongen
kvitmala panel og interiør frå IKEA


Ingen lekker Mac her
berre ein dokka bærbar Asus med ekstra skjerm og tastatur
tegnebrett og ekstern disk
printer som ikkje virker....
masse ledninger som eg på ingen måte klarar å skjule
men så tenkjer eg som så
da e no ein del av teknologien
nett so monstermastene i Hardanger 
og så leve eg med det
Kontorplassen vår skal ut av den kvite romantiske stilen
og over i ein litt røffare 
når far min skiftar ut det gamle golvet på arkje
i huset på garden, eingong..
Kjem tid, kjem råd
og då skal de få sjå
:D

Enno sommar


vert litt sparsommelig med både bilder og tekst til armen er komen seg
men eit bilde av framleis sommar må eg ha med
tatt på Karmøy på fredag


onsdag 6. august 2014

noko muffens