søndag 30. november 2014

Advent


So vart da advent her og
etter mykje om og men
mest om
og litt men
eg prøve meg fram med da mesta
da føre te litt men og mykje om
om som i omatt
kadl'n himla me auene
og pusta tungt
når ting måtte gjerast om
eindå ein gong

 

adventskalendarane i år er enkle brune papirposer
med noko godt inni
og utapå
peparkake utapå
og små overraskingar inni
enkelt, men tidkrevande
i alle fall når mykje vert om
og litt men
men advent vart det
nett so i fjor
og året før det att og



søndag 23. november 2014

Stille før stormen


no er eg klar for å setje nasen mot jul
travle tider
ligg bak
fungerer som lett oppvarming
til desmber
vil eg tru


mandag 17. november 2014

Eg ser stjedne


mest fø da går heilt rundt for meg fø tida
men sikkert og fø at da snart e jul
ka julepynt lika du best?

tirsdag 11. november 2014

Eg kjem te da te slutt

 

Da e mange som har lagt att fine kommentara
da e mange som e trufaste lesarar
må få takka dykk fyst
so e da ein del som har stilt spørsmål
om foto, kamera og slikt


og eg skal komme tilbake til dykk
da e berre litt travelt
og fø å svara må eg tenkje meg om litt
no har eg endeleg akseptert
at huset flyt
alltid
fø at da e mange travle og til dels kreative
sjele so bur her
sånn e da berre
og eg leve med da
prøve i allefall..

mandag 10. november 2014

lika da litt eksotisk


i dag var det frukost med Kaki
ei altfor god frukt
denne gongen frå Spania

søndag 9. november 2014

Vart dessert også i dag


so no er eg klar til ei ny fin veke
utan..

lørdag 8. november 2014

Ferske fiken er eit godt høve


og eg må sei eg tykkjer det er kjekt med slikt
og kastar meg med kvar einaste gong eg får tid
denne gongen var det is som var tema
eller vart tema kanskje
temaet er vel eigentleg "bare tilsett en anledning"
noko som på nynorsk vert nokonlunde slik
"berre adder eit høve"


fø meg vart det heilt naturleg å laga fest
då eg fann ferske fiken på coopen som eg har nevnt på eit par hundre gonger før
dei er ikkje lette å finne desse fruktene
og etter å ha kverka 4 fikenplantar i drivhuset i sommar
og draumen om eigenproduksjon gjekk i dass
må eg stola på den lokale handlestanden


favoritten er ein fikendessert som eg då sjølvsagt planla tè EKTEmannen sin gebursdag på mandagen
men so måtte Kraftlaget stengje straumen akkurat i det eg skulle setje dei i ovnen
så dei vart spara den dagen i byte for tende sterinlys og fyr i ovnen


og høvet kom
og desserten vart laga


oppskrift har eg delt før


kaffien drakk eg medan fikenen var i ovnen og funderte felt øve om eg skulle flytta litt på prinsippa  og ta med Diplomisen som smelta i bakgrunnen av NIB-utfordringa


vanlegvis ville eg vel ikkje da
men desserten mangla vitterleg is då den kom ut av ovnen


og då eg fann is med vanilje frå sjølvaste Madagaskar gav eg meg endå øve
de må ikkje kalla meg fordomsfull og det som verre er
fø da e eg ikkje, men barndommen set sine spor


og når nokon seie Madagaskar te meg
tenkjer eg fyrst og fremst på strikkasokka, misjonsforeninga og kakebasara


og med slike gode tanka og
med is på toppen var høvet klart
meir fest i god mat skal du iallefall leita lenge etter


julepynten frå IKEA fekk pynta bordet


og er de godtesjuke og på jakt etter ein god anledning

fredag 7. november 2014

Ferske fiken


Eg har ein favoritt i fruktverda
det er ferske fiken
kanskje fordi det er så vanskeleg å få tak i her i dalen
eller fordi me plukka dei av trea på terassen i Italia hin sommaren
og når noko er så sjeldan
og fylt med so gode minner

 

ver jubelen desto større når eg finn dei på Coopen
som framande fuglar ligg dei der
gull mellom gråstein
ikkje prangane i fargen eller noko
berre stille byr seg fram
til dei som har veit til å nytta seg av det

tirsdag 4. november 2014

Kva skjer?


Koffø kjem da røyk frå datta huset? spør datra på 11
da e eit røykehus, svara eg,
veit du ka da è?
Nei, svara jentungen
eg trudde da va ein utedo

Ikkje lett fø den oppveksande slekta 
å få med seg alt me dreiv på med før i tida
og så mykje røyk frå ein utedo
burde få dei fleste te å reagera..

søndag 2. november 2014

Tålmod


For mange år sidan kjøpte eg mange panduro julesett på tilbud i januar
og fyrst i år var jentungen klar for slike førjulssysler

  

eller rettere sagt
fyrst i år fall dei i smak
og det vart koseleg sundagskos
ein regnverssundag i november


søte vart dei og
sjølv om dei er litt opp i åra
sånn reint
motemessig



lørdag 1. november 2014

Godnatt oktober


vart ein kjekk kveld for dei fleste

 

som sagt, du kan meina ka du vil om halloween
men gode grunna få å ta seg ein fest eller ha det litt morro
bør ein vel eigentleg ikkje leite
lenge etter
god natt
oktober