torsdag 24. november 2016

Lys i mørket


vert mykje lysbilder framover
det er mørkt når me ris om morgonen
og det er mørkt før me kjem heim
slikt tek litt på
så eg tenner lys der eg kan
og gler meg te sola snur


onsdag 23. november 2016

Lysfest


no er vi der att
i tida me kan pynt med lys
utan grenser
:)


mandag 21. november 2016

Tida som kjem og tida som for


Gjev døgnet hadde hatt fleire timar
at året hadde fleire dagar
at kvart eit minutt
var ei lita eve

  
det hadde vore fint for meg
som har so mange prosjekt, so lite tid 
samstundes så mykje eg vil både lære og gjere
på slike daga kunne tida godt stått stille


men på andre daga
då e da greitt
at eit minutt er eit minutt
og at der er ein dag i morgon
og at morgondagen kjem heller raskt


kva eg vil sei?
Tja, nei..
reknar med Vår Herre visste kva han gjorde
då vår eksistens vart bunden til tida
for trass alt er vel all mi tid eigentleg
det ein kan kalla
ei god tid..

søndag 13. november 2016

November



Stille, nesten uten at eg merka da
kom november på besøk


hausten var so fin 
tenkte ikkje på at den kunne ta slutt
venta vel berre på nye daga
med sol


og dei kom
på rad og rekkje


 umerkeleg vart oktober
til november
regnet kom og sola for
for i år..


no er neste stopp
jol