torsdag 30. november 2017

Innkjøpsstopp



Når jula nærmar seg har eg ei lei tendens til å gløyme alt eg har kjøpt
til tidlegare juler
det er som eg ikkje eig noko
te pynte med til jul
eller at det eg har er så skralt eller so lite


så difor har eg jo einlei tendens til å leggje att etter meg nærare eit halvt statsbudsjett
i butikkar som sel nips og dill og sånn

  
resultatet vert at kvart år veks haugen med julestas
og kontoen minkar


so i år investerte eg kun i nye kvite ljos te helgas adventsevent
og gjekk i skytjo etter resten
i allefall nesten

  
vedskio va litt krum i ryggjen
noko som kan gje eit intrykk av fart om ein er vennleg stilt
eg likar det faktum at den er unik
fins ingen lik


litt enkel pynt som luktar godt
litt hjelpt av ein limpistol
og adventstaken var i boks


relativt billig, naturleg og asketisk
slikt kan me lika

Ynskjer dykk ei fin adventshelg!

4 kommentarer:

  1. Så flott. Jeg pleier å si at det skal ikke alltid så mye til... Bare husk å slukke lysene før du legger deg.. God advent. Hilsen Inger Johanne

    SvarSlett
    Svar
    1. ja den er kanskje litt i brannfarlegaste laget, bruker den kun under oppsyn og bur med ein brannmann :)

      Slett
  2. Den blei jo veldig fin og delikat da. Jeg elsker naturlig julepynt, og ofte er det enkle det beste.

    Klem fra Ingrid på www.ingridtunheim.no

    SvarSlett
    Svar
    1. ja einig, skal ikkje alltid sp mykje til :)

      Slett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.